Punktering og flatt bilbatteri

Categories Kvardag

Er det fredag den trettende i dag? Dette måtte eg nesten dobbeltsjekke. Mamsen er endeleg på besøk i Gjøvik og i dag skulle me ein liten tur til Hamar for å shoppe. Lite visste me om kva som skulle komme oss i møte. Me hadde køyrt drøye førti minutt før me plutselig høyrte ein utruleg rar lyd frå bilen. Heldigvis var det ein nødstopp på sida, så me fekk køyrt inn til sida. Dekket var punktert eller skal eg seie sprengt? Det fyrste eg tenkte var at eg heldigvis klarar å leggje om dekk, ettersom min far lærte meg det. Ånei da! Mutteren på dekket satt bom fast, og me måtte ringe NAF. Når me fyrst fekk bytta om dekk og NAF bilen reiste var batteriet flatt. Derav tenkte me at å komme seg til Gjøvik var den rette destinasjonen. Hehe. 

Ut fra starten på dagen vart jo humøret så som så. Me kom heim, og eg satt sjølvsagt å furta over situasjonen. Heldigvis gjekk den steninga fort over og me tok oss ein tur ned i sentrum. Bilen fekk stå godt i ro, og me hoppa rett og slett på bussen. Gåtur i Gjøvik gård, shoppa og ute å eta på restaurant. Me kosa oss såå masse. I måro skal me ein tur til Oslo, og eg skal på trening med søstern. Me snakkast ♥

Fine fine mammaen min <3

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *