Forventningar til praksis

Categories Susanne tipsar

Tenk at eg på måndag startar i praksis på sjukehuset i Lillehammer! Herregud så sjukt. Dette er noko av det alle har gleda seg utruleg mykje til, og eg håpar og trur det blir utruleg bra. Som kanskje nokre har fått med seg skal eg på barneavdelingen, noko som blir stikk motsatt i forhold til kva eg jobbar med no. Eg har utruleg mange forventningar til praksis, både til meg sjølv og til arbeidsplassen. Her er nokre av dei: 

⋅ Eg vil lære meg å connecte med barn. Personleg synest eg dette er svært vanskelig da eg rett og slett ikkje er vandt med å samarbeide eller i det heile prate med mennesker som er så mykje yngre enn meg. Avdelingen min har jo eit aldersspenn frå 0-18 år, så eg må lære å samarbeide med små barn som mest sansynleg nektar å ta vaksine eller i det heile tatt lyttast på. 

⋅ Forståelse av sjukdomslære blanda med praksis. Sjukdomslære er eit utruleg vanskeleg fag, og eg føler det kan bli mykje lettare når eg får mange forskjellige diagnosar som eg kan lese om, og kople saman med pasientane eg har. På sjukeheimen der eg jobbar no går det mykje i dei same diagnosane som høyrer til alderen. Sjukehus har såå varierte sjukdommar då ein kan få inn pasientar med alt frå brannskadar til astma til barn med vokseproblem i ryggmargen. 

⋅ Operasjonen eg skal vere med på BØR vere ein kul operasjon. Eigentleg blir jo alt kult ettersom eg ikkje har vært med og sett på ein operasjon før. Noko av det mest spennande eg veit er jo greys anatomy, så no får me sjå om det er sånn som på serien. Anstesisjukepleiarar og operasjonssjukepleiarar er noko eg også får vore med og sett på, som eg tenkjer kan vere relevant for eventuelt seinare utdanning. 

⋅ Varetaking som student. Opplevelsane til dei eg har høyrt om har vore at Lillehammer er betre enn Gjøvik i kirurgisk praksis. Forhåpentlegvis får eg lære utruleg mykje, og sjukepleiaren eg har som veiledar er flink til å lære vekk og kirurgen eg har under operasjonsdagen er flink og inkluderande. 

4 kommentarer

4 thoughts on “Forventningar til praksis

  1. så spennede med praksis!! Masse lykke til! btw! anbefaler en ny serie som er helt fantastisk! “the good doctor” kanskje du har sett den? går på tv2 sumo, tror du hadde likt den 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *