Kaffeslabberas

Categories Kvardag

Nei, eg har ikkje gitt opp draumen om å bli toppbloggar enda. Personleg, elskar eg å dele kvardagen med dikka og vise dikka kva eg gjer her i Gjøvik. I dag har eg vore med mine gode venner og hatt litt kaffeslabberas. Kaffeslabberas er eit ord eg aldri har høyrt, men som eg lærte av Iselin. Me følte oss basically som nokre seksti-år-gamle kjerringer der me satt og snakka, drakk kaffi og åt brownies med tressis. Det er faktisk eit tips eg har til studentar som ikkje er Olav Thon – eller med andre ord rike – nemleg kaffeslabberas heime hos kvarandre. Ti gonger billigare og like koseleg. 

I måro er nok ein spennande dag på skulen, da me skal ha trekking av praksisplassar. Herregud som eg gruar meg. For dei som ikkje veit det går eg sjukepleien på Gjøvik, og når me skal ha praksis kan me få plass på institusjonar i heile Oppland OG Hedemark! Altså, i værste fall kan eg ende opp i Otta eller på Jevnaker. Sist gong var eg ein av dei siste som fekk velgja, så lat oss krysse fingrane for at eg trekk eit litt lågare tall denne gongen og slepp å velgje Otta. I’ll sure update you guys. Me bloggast i måro.

1 kommentar

1 thought on “Kaffeslabberas

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *