It’s sushitime

Categories Kvardag

God tirsdag allihopa. Håpar dikka alle har fått ein fin start på denne veka, og at dikka nyter den til det fulle. Personlig har eg hatt ei heilt j***** helg med eit reint smertehelvette utan like. Tanna mi begynte jo å verke for no over ei veke sidan og har vore smertefull heilt sida det. Fredag var eg hos tannlegen i håp om at ho skulle leggje inn ein fylling som kunne redusere smertene litt over helga, men det vart totalt motsatt. Den fyrste kvelden med midlertidig fylling var absolutt værst sammen med gårsdagens natt. Å skylle munnen med kaldt vatn var det einaste som hjalp – så da låg eg her klokka fire på morgonen og skylte munnen med isande vatn, gjennom så og seie heile natta. 

Nok no om den tanna – life goes on. I dag hadde me framføring om den langvarig, kronisk sjuke pasienten. Høyres interessant ut, men eigentleg ikkje så veldig spennande. Godkjent gruppearbeid måtte sjølvsagt feirast på best mogleg måte, nemleg med sushi. Visst du er busatt i Gjøvik, eller ikkje bur så veldig langt unna annbefalar eg Jako på høgaste nivå. Personleg, synest eg at dei har den beste sushien i Gjøvik. Fekk tatt nokre bileter der, som eg prøver å bli flinkare til. Bloggen er virkelig noko som eg synest er gøy å drive med, noko som eg absolutt vil fortsette med så langt det lat seg gjere. Planane for i dag er jo at eg må ha meg ein tur ned på treningssenteret også slappe av resten av kvelden. 

Sjå så fine bestevenninner eg har her på Gjøvik da, folkens ♥

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *