Yay, happy lillelaurdag. Onsdagar må sjølvsagt feirast – ettersom me faktisk er halvvegs i denne veka også. Vekene her går så fort, og det samme gjer eigentleg åra. Tenk at eldstemann av tanteungane mine er konfirmant i år, det er jo heilt sjukt.I tillegg er det kun litt over eit år til eg forhåpentlegvis flyttar til Oslo og begynnar på eit av dei store sjukehusa som sjukepleiar. Altså, say what? Flytta eg ikkje til Gjøvik og begynte på NTNU i går? Eg fattar verkeleg ikkje kor tida blir av.
Etter eg kom heim av tannlegen (som forresten vart ferdig med rotfylling i dag. Hundre gangar hurra) hadde eg lyst på ein real frukost – og bestemte meg derfor for å lage nokre vafler. Per no har eg ikkje noko spesifikk oppskrift eg følgjer, men visst det er eit stort behov fra dikka kan eg ordne ei. Gårsdagens episode av Berit Nordstrand sitt nye program på TV2 bestemte eg meg for å lage sunne vafler. Kvart år for ein gjenomsnittleg nordmann i seg 24 kilo med sukker, kor sjukt er ikkje det? Alt for sjukt, spør du meg. Det er noko kroppen slit med å bryte ned og forbrenne, så alt for masse sukker er ikkje bra for deg i det heile tatt. Sukrin har fungert veldig bra for meg i alle bakeverk, som topping på havregraut og i andre settingar. Eg er no tom for alle typane utan sukrinmelis, så eg må nok leggje inn ei litta bestilling. Håpar alle får ein fin lillelaurdag!
24 kg?? ;o woow.. glad jeg har sluttet å spise sukker 😛
Nam så deilig vaflene så ut. Vi får i oss altfor mye sukker og jeg er en av de som bør kutte ned. Ha en strålene dag<3
Nam det så utrolig godt ut! 😀 Huff, er det sant at vi spiser så mye sukker??
Namnam det så farlig godt ut! <3
emmadrevvatne: Ja, desverre haha 🙂
Malin: Det var det også 🙂