Denne månaden: Mars

Categories Oppsumering

God laurdag, og god påskeafta alle blogglesarar. Håpar dikka kosar dikka uansett om de er på hytta, hybelen, camping eller heime hos familien denne påsken. Eg har kosa meg så masse i Oslo, og ikkje minst med eit storfint besøk som starta heile påsken. Ettersom det har blitt veldig lite blogging denna månaden tenkte eg heller å skrive eit oppsumeringsinnlegg, som eg også har lyst til at skal bli ei greie. Synest personleg at slike innlegg kan vere interessante å lese, ettersom eg ofte klikkar meg inn på bloggar eg ikkje har vore på. Med den pangstarten tenkjer eg vi eigentleg berre kan setje i gong med månadens oppsumering av mars tjue-atten. 


Månadens opptur: Her kjem ei litta hemmelegheit som kanskje ikkje er så hemmeleg lengre – men eg har funnet meg ein kjekk kar. Takket vere tinder (igjen) matcha eg i byrjinga av månaden med ein kjekk sjokkis fra Oslo. Da eg var hos søstra mi møttes me for fyrste gong da han var på jobb, og resten av månaden har me eigentleg hengt sammen så mykje som mogleg. Eg reiste blant anna for å overraske han på jobb mandagen for to veker sida, og han kom til meg dagen eg var ferdig med heimeeksamen. Lat meg berre seie at eg aldri i heile mitt liv har opplevd eit så fantastisk, og snilt menneske før. Lucky me. 

Månadens nedtur: Treningen og kostholdet denne månaden samt med februar har vore heilt på bærtur. Funkysusa – aka treningsbrukaren min på instagram – har vore så og sei nedlagt heile månaden grunna nedsatt lyst og motivasjon til å trene og inspirere andre. No går det jo mot mykje finare og lysare tider og eg satsar på at motivasjonen kjem tilbake i laupet av kort tid. Kroppen min er mykje meir glad i sunn og næringsrik mat enn ferdigprodusert og dårleg ernært mat. Sukker er også noko som har blitt mykje av i påsketiden, og det merkast verkeleg på kroppen min. Den er slapp og har ikkje overskudd til å gjere noko. Når man er mykje sammen med andre (M) blir det ikkje heller optimal mat, og det er fort gjort og bestille noko digg på døra eller lage noko kjapt og godt som ferdigpizza.

Månadens innkjøp: Då eg reiste midt under heimeeksamen til Oslo for å overraske M, gjekk eg sjølvsagt innom litt ulike butikkar i Oslo. Zara er alltid ein klassikar og eg finn alltid noko som eg likar der. Dei som har fulgt meg lenge har sett den sennepsgule og blå jakka som eg har fra Zara. Den blå var eg heilt frelst i for eit år sida, og brukte den så og seie konstant. Denne gongen kjøpte eg samme jakke i svart! Skinnjakka eg har fra Cubus er blitt over fem år gammal (fuck dei som seier Cubus har dårleg kvalitet) og det kan ein begynne å sjå bittelitt på den. Jakka som eg kjøpte får dikka sjå i eit outfitinnlegg i laupet av den neste veka.

Månadens serie/film: Skjærtorsdag stod Black Panther for tur, etter mykje om og men. Kinobillettane var booka ettersom både eg og M har høyrt så mykje bra om den filmen. Herregud for ein sjuk filmopplevelse. Vanlegvis er ikkje eg den største fanen av sånne sci-fiction filmar, men herlegheit den var så veldig bra. Animasjonane, lydane, plottet og musikken utgjorde ein heilt sjuk film – og begge to var ganske fornøgde da me gjekk ut av kinosalen. Ekstra deilig var det å ha ei hånd å holde i gjennom heile filmen – som sagt, eg er verdas heldigaste jente for tiden.  

1 kommentar

1 thought on “Denne månaden: Mars

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *