Antrekk ⎮Baby blue

Categories Antrekk

Sjå på det været da folkens! Hadde det ikkje vore for at eg jobba i går og skal jobbe i dag hadde eg nok vore på campingen med mi kjære mor. Må absolutt sei det at påskeværet har vore utruleg bra i år, og dei som har vore på hytta har nok utnytta dette maksimalt. Fram til i fredag var eg i Oslo for å sjå mine kjære igjen. Tamara hadde bursdag på tirsdag og difor tenkte eg å besøke familien i Oslo. I tillegg hadde pappa tatt turen til tigerstaden, så det var jo perfekt timing for dei å møte min nye kjærleik. Han er jo så utruleg høfleg og flink med barn, så kan godt seie at familien var nøgd med valet mitt. Fekk faktisk klar beskjed om å ta godt vare på han, slik at eg kunne ha han ei stund. Så koselig! 

I går før eg jobba tenkte eg meg å ta nokre freshe bileter. Vanlegvis spør eg vennene mine om dei kan ta nokre bileter, men ettersom alle er heime på påskeferie tok eg med meg kamerastativet og iPhonen – slik at eg fekk knipse nokre bileter. Og freshe vart dei, ikkje sant? Å ta masse bileter og blogge er jo noko eg trives godt med, det er berre denne forferdelege vinteren som tek knekken på blogginga altså. No er eg back on track, og det er så masse som skjer i april at det er absolutt verdt å blogge om. Dette skal dikka få eit eiget innlegg om, så stay tuned. 

8 kommentarer

8 thoughts on “Antrekk ⎮Baby blue

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *