Denne månaden skal eg..

Categories Kvardag

Er eg ikkje flink til å blogge for tiden? Tredje dagen på rad, det er ikkje dårleg meiner eg. Tenk at me allerede er i april og det kun er igjen ein månad til fyrste mai. I Gjøvik har det heile vinteren vore så ekstremt med snø, og fleire av pasientane mine og dei eldre som er busatt her tvilar på at det smeltar til arbeideranes dag. Ettersom eg har sett denne typen innlegg på fleire bloggar, og sjølv synest dei er interessante – tenkte eg sjølv å byrje med dei også. Fleire av bloggane eg les har slike innlegg, men kva dei skal i laupet av ei veke. Mine veker kjem nok til å gå mykje i det samma – nemleg praksis, jobbing, venner og kjærestetid. Difor trur eg me prøver med ein slik månedsplanlegging fyrst, også tek me det deretter. 


 

     − Oppstart i ny praksis! Rett før påske leverte eg inn semesterets siste skriftlege eksamen og kan på ein måte seie at eg er ferdig med eksamenane for andreåret på sjukepleien. Men, me er jo kun i april og dermed er me ikkje heilt ferdig med andreåret. Psykiatripraksisen står så fint og bankar på døra, og eg er klar for å ta den i mot med åpna armar. Min praksisplass blei på Reinsvoll (som er ein del av Sjukehuset Innlandet), og avdelingen eg skal tilbringe dei neste ni vekene på er augenblikkeleg hjelp. Herregud så spennande. Gledar meg masse til å dele tankar og opplevelsar med dikka og ikkje minst erfare det sjølv. Det beste av alt er at eg slepp å gå med uniform, men kan gå med eigne kleder som eg sjølv velgjer.

     − Flytting. Etter å ha budd litt over eit og eit halvt år, og to vintrar her på den landlege delen av Gjøvik føler eg meg ferdig her. Vinteren her er eit skikkeleg hersk og bussrutene er elendige. I tillegg streika jo bilen min i går, og er klar for å vrakast – dermed er eg absolutt avhengig av bra bussruter som diverre ikkje strekk til. Sjølv om eg har  budd landeleg til har eg jo hatt det fint her, men gjett om det blir deilig å flytte meir sentralt og ikkje minst bli nabo til bestevenninna mi? 

     − Vende snuten heim tilbake til sunnheiten og trening. Det er ikkje noko å leggje skjul på at dei siste to månadane har vore prega av ikkje så bra næringsmessig og lite fysisk aktivitet. Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg merkast dette på kroppen, og det skal bli deilig å få ein liten “avrusning” fra drittmaten, og prøve å leggje seg i sunne rutiner igjen. No står jo praksis for tur, og dermed er det utruleg viktig å preppe maten, slik at eg berre kan slenge den i sekken og sykle avgårde til bussstoppet. 

     − Bli ein flinkare bloggar. Det er med henda framfor andletet eg seier dette, fordi eg rett og slett føler eg repeterar meg sjølv konstant. Været er lysare, eg har betre tid og ikkje minst kan eg bruke eigne kleder meste parten av dagen. I tillegg er det jo litt interessante ting som skjer i livet mitt for tiden, som eg håpar vil vekkje interessen hos lesarane mine. 

2 kommentarer

2 thoughts on “Denne månaden skal eg..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *