Monday but tuesday

Categories Kvardag

Er det fleire enn meg som føler det sånn som i overskrifta? Nemleg at det er tirsdag, men gud det føles ut som mandag. Påskeferien er over, det er fyrste dag i praksis også. Tenk at eg skal tilbringe dei neste ni vekene på den finaste praksisplassen med så fine ressursar for dei som verkeleg treng det. Fyrste tankane mine kring psykiatripraksis var at det kom til å bli vanskeleg å behandle, samt omringe seg denne pasientgruppa. Dette fordi sjukdommen deira ikkje er synleg på lik linje meg eit brekt bein, eller ein operert mage. Å hugse på at desse menneska som eg skal møte i laupet av dei neste vekene er sjuke, er noko som burde bli snakka meir om. Mine tankar er at det er alt for lite snakk og læring om psykiske tilstandar, men at det er så viktig. Alle har ei mental helse, og alle burde hatt rett til fast psykologtime på lik linje som ein har faste helsesjekkar. 

No sit eg i sofaen, sett to episodar av bloggerne (min framtidige serie, tulla) og heve innpå med speltlompelasagne. Eg tenkte også å trene litt, men må vente på nokon som skal hente noko eg selgjer. Viktig å selgje unna litt slik at ein kan tjene litt peng, samt bli kvitt dette til eg flyttar til sentrum. Er det ikkje betre at nokon andre får bruke det, når eg ikkje har brukt for det lengre? Lenge leve gjenbruk seier berre eg. Forhåpentlegvis rekker eg å smette inn ei litta treningsøkt på 360 før dagen er omme også. Håpar alle har hatt ein fin tirsdag (som føles ut som mandag) ♥

Yummy!!

3 kommentarer

3 thoughts on “Monday but tuesday

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *