I ❤️ SALE

Categories Innkjøp

Happy friday folkens – og håpar dikka alle har fått ein super fin start på helga me går i møte. Fyrste praksisveka er unnagjort, og det er berre ni praksisveker og ein passeringstest igjen før eg har sommarferie. Tenk på det, og snøen er så vidt begynt å smelta. Spenningen er der for om snøen i det heile tatt smeltar før nasjonaldagen vår. Ein merkar at allereie etter kun nokre dagar føler ein seg tryggare og meir ivaretatt på ein ny praksisplass. Fyrste dagane var eg så låst, og synest det var veldig vanskelig å sjå mennesket bak sjukdommen. Dei ansatte på posten sa at menneskene som er innlagt der er akuratt som oss; det er ei mamma, ein pappa, ei søster, ein bror, ei datter eller ein sønn. Alle er der fordi dei treng hjelp til å behandle sjukdommen, på likt linje med ein som behandlast for diabetes. I dag var eg med på å levere ein pasient til ein anna avdeling, samt brukte nokre timar ute i miljøet med dei som var der. Eg har trua på denne praksisen eg, folkens. Kven veit – kanskje det er psykiatrien eg endar opp i om eit år. 

Etter eg var komt heim tok eg meg ein tur på CC ettersom det var noko eg skulle ha, og gjekk sjølvsagt innom H&M. Vanlegvis finn eg aldri noko der, og generelt synest eg at klesbutikkane kun har drittkleder for tiden. Den gensaren på bilda over er såå deilig at dikka anar ikkje, i tillegg til at eg fekk den for ein hundrings. Det er jo heilt sjukt! Her er det enda såpass kaldt at slike gensarar passar utmerket, og det tenker eg i grunn den gjer heile året. Tenk og kunne ta på seg denne deilige gensaren ein kald sommarkveld. Skjorta under fekk eg for syttifem, og eg synest den var så fin. Faktisk så såg eg på den i Oslo til fyrste daten min med M, men kjøpte den ikkje. Thank God, det var dei pengane spart. No skal eg starte med å rydde, støvsuge og bytte sengeklær til elsklingen min kjem på besøk. Kanskje eg knipsar nokon bilder til dikka fra kvelden? 

4 kommentarer

4 thoughts on “I ❤️ SALE

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *