Korleis eg gjekk ned 20 kilo

Categories Trening og kosthold

Trur du det er noko mirakelkur ein kan følgje for å gå ned tjue kilo? Var det derfor du klikka deg inn på dette innlegget? Da skal du høyre her – mirakelkuren eksisterar ikkje. Pillene og diettane ein kan få kjøpt eller følgje er kortvarige tiltak som ikkje kjem til å fungere over ein lengre periode. Hardt arbeid, sunt kosthold og positiv tankegang er det som fungerar, men kanskje tek litt lengre tid. Etter min forrige vektnedgang gjekk eg opp igjen nesten det dobbelte av det eg gjekk ned, og når eg såg på vekta i sommar traff det meg. Eg har aldri vore så tung, så usunn og i så dårleg form. Å gjere ein endring falt meg ganske naturleg, og det å leggje om livsstilen var lettare enn eg trudde grunna motivasjonen. Så her er nokre av mine beste tips for å få ein vellykka vektnedgang: 

⋅ Bli meir obs på kva du et og drikk. Mange seier ofte at dei et sunt, og drikk kun rikeleg med vatn men opplever fortsatt at dei ikkje går ned i vekt. Eit tips da kan vere å loggføre kva du et i laupet av ein dag, berre for å sjå om det er noko du kan kutte ned på. Eg åt masse usunt utan at eg eigentleg tenkte over at det var usunt, men etter eg hadde skrivet ned kva eg åt såg eg jo at det ikkje var bra for meg. 

⋅ Finn noko som passar for deg! Med dette meiner eg både på matfronten men også på trening. Nokre av oss likar å kun ete salat, utan dressing, utan ost og utan pasta – medan andre elskar det. Visst du så elskar “usunne” matvarer så er det viktig å begrense seg. I staden for å ta på tre store skeier med fetaost kan du ta på ei. I tillegg til kostholdet er trening også viktig – og derfor må du finne noko som fungerar for DEG. Min redning blei gruppetimar som step, spinning og typ sirkeltrening. Andre derimot elskar å springe og klarar å gå ned i vekt med kun springing – men dette er ikkje noko for meg. 

⋅ Nye treningskle som motivasjon. Eg svergar på at treningskle i freshe fargar hjelp såå mykje på motivasjonen og ein har lyst til å gå å visa dei fram til alle på treningssenteret. Mine favorittmerker gjennom denne treningsperioden har blitt Reebok og Gymshark og eg synest absolutt dei har dei finaste treningskleda og dei mest behaglige. 

 

 

4 kommentarer

4 thoughts on “Korleis eg gjekk ned 20 kilo

  1. Så flink du har vært til å gå ned så mye! 🙂 Jeg selv gikk ned 23 kg i fjor, men jeg har et langt steg igjen å gå! 🙂 Men som du sier man må være mer bevist på hva man dytter i seg 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *