10 spørsmål

Categories Q&A

Drømmejobben din, sånn egentlig?

Det finst så masse spennande ein kan jobbe med. Sjukepleiar er jo det eg blir om eit år, men om det er det eg eigentleg vil jobbe med? Har ikkje peiling. I det siste har jo eg interessert meg så masse for trening og kosthold, men markedet for å drive med det er svært vanskeleg. Blogging er jo også noko som hadde vært sjukt deilig å leve av, spesielt når ein toppbloggar tjenar det dobbelte av ein lege og sjukepleiar i månaden. Reelt? Nei. Draum? Ja.

Hvilket talent ønsker du deg?

Er det eit talent å kunne lage mat? I såfall vil det vere noko av det eg absolutt kunne ønska meg. Til og med kjæresten min seier det at eg er flink til å lage taco, eg er ikkje flink til å lage mat men taco. 

Det mest avslappende stedet du har reist til?

Personleg er eg ikkje den som har vært mest på reisefot, sjølv om det er noko eg skulle ha ønska. Stedet treng jo forsåvidt ikkje å vere eit land, men kan jo også vere ein spesifikk plass. Eksen min tok meg med på spa på Vestlia noko som var det mest avslappande eg har vore med på nokon gang. Stillhet, varmt vatn og kvilepuls fordelt over tre timar var verkeleg deilig. 

Beste måten å starte dagen på?

Sammen med M ved sida av meg i senga som gir meg eit kyss og kviskra god morgon. Deretter lage ein deilig frukost til han. Funfact: I denne månaden me har vært sammen har eg laga frukost til han kvar einaste morgon eg har hatt moglegheit. Mange bestiller noko, men eg synest det er deilig med brødmat, pålegg og tente lys. Mange hadde ikkje orka å lage frukost, men eg lova at når nokon er såå takknemlig for noko blir det berre noko man gledar seg til å gjere.

Hvilken filmsjanger er din favoritt?

Oi, så vanskelig spørsmål. Eg er eigentleg ganske stor fan av å setje på ein dokumentar som har litt meir meining enn kun ein action-film. Grinefilmar som Titanic, The Notebook og den typen er også noko eg trives skikkelig godt med. Sjangeren eg hatar er action-filmar, medan M elskar den. 

Hoppe i fallskjerm eller hoppe i strikk?

Kven av dei er det tryggast å vere med på? Haha, neida. Begge to skapar jo eit sinsjukt adrenalin-kick, så det er eigentleg eit så vanskelig val. Hoppe i strikk er jo mykje fart og spenning, men i fallskjerm får ein jo ei heilt VILL utsikt, samtidig som det også varar lengre (derav lengre tid til å nyte utsikten). 

Noe andre mennesker digger,
men du bare ikke forstår?

Harry Potter, Game of Thrones og Ringenes herre. Altså, kva er greia med sånn utenomjordiske seriar og filmar? Hundre prosent ærleg, eg har aaldri skjønt greia med det. Aldri. Eg sljænnar at det er noko som skjer og at det faktisk er ei handling, men det er jo så langt ifrå sant som det går an å bli. Men altså all respekt til dei som vil sjå det.

Hvilken filmtittel beskriver deg?

What is this question? Hadde det vært ein film som hadde blitt kalla Beautiful hadde eg jo kunne sagt den, hehe neida. Men nei, eg har faktisk ikkje eit skikkeleg svar på dette spørsmålet.

Hva holder deg våken om nettene?

Det er masse tankar om alt og mogleg som varierar fra gang til gang. Når sant skal seiast er det ikkje slik at eg plagast med tap av nattesøvn, heldigvis søv eg veldig godt om nettene med god søvnkvalitet. I det siste har eg tenkt masse på elsklingen min som eg har vært så heldig å kapre. Livredd for å miste han da eg aldri har hatt det så fint med nokon før, og aldri følt at nokon kan gjere meg så lykkelig. 

Noe du gjør, men burde slutte med?

Overtenke absolutt alt og tenke alt for langt fram i tida. Er så elendig på å nyte korleis eg faktisk har det no og tenke over alt som muligens kan skje og ikkje skje. Livet er jo ganske herlig akuratt no, eg har peng som eg klarar meg, eg tar ein utdanning som eg garantert får jobb i, eg har verdens beste mennesker rundt meg og bur i eit av verdens beste land ♥

5 kommentarer

5 thoughts on “10 spørsmål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *