Denne månaden skal eg..

Categories Oppsumering

♥ Nyte fyrste utegrilling! Den kommande veka er det meldt strålande vær, så eg tenkte at eg faktisk skulle ut, få meg med nokre gode venninner å fyre på ein eingangsgrill. Det må verkeleg vere noko av det mest koslige med sommaren, nemleg utegrilling, musikk, seine kveldar og godt selskap. 

♥ Gå fleire turar. Det er jo ikkje akuratt så veldig mange toppar i Gjøvik, men eg er jo ein del i Oslo også, og veit det er mange fine turar å gå der. Fine toppar er det jo her heime i Årdal, men eg bur jo ikkje her lengre, så blir det blitt langt å komme hit kun for å kanskje gå ein topp. 

♥ Opprettholde/forbetre blogginga. Dei siste dagane no har jo eg vært heilt konge når det kjem til bloggen. Eg har klart å  fått ut eit innlegg for dagen, og dette er noko eg så absolutt har lyst til å opprettholde. Synest jo det er gøy å blogge, samtidig som eg kanskje blir nokre skritt nærmare draumen om å bli toppbloggar? Hehe.

♥ Kjøpe min fyrste bukett med peoner. Denne typen blomst er jo heilt nydelige og eg lovar at dei ser så fantastisk fine ut på stovebordet. Dei ser akuratt like fine ut anten dei har spruttet ut eller kun er i “skallet” sitt. I tillegg held dei jo mykje lengre enn for eksempel roser, så da har eg dei enda lengre. 

♥ Fortsette med sunne valg, men stramme litt ekstra inn. Alle som har fått seg kjæreste veit sikkert kva som skjer med sunnhet da. For oss har det ofte blitt å ete ute, gå på Mcern eller ta usunne valg til kveldskos. Denne månaden spørst det om eg skal møte M i det heile tatt, da han har ramadan, så da får jo eg ta litt sunnare valg når han ikkje er tilstades. 

♥ Nyte vannmelomtiden. Eg trur faktisk det er vannmelontid heile året, men det er jo fyrst no dei er blitt oppskåren og begynt å selgast delte på butikken. Min kjærlighet for vannmelon er så sjukt stor, og det er verkeleg noko av den beste frukta eg kan få på ein varm før-sommardag. 

♥  Starte opp den nye avtalen med jentene. Når man er student i praksis har man ofte lyst til å møte kvarandre for å dele opplevelsar, erfaringar og tankar kring praksis. Kaffeslabberas blir ofte servert saman med is eller brownies, som ikkje er så veldig sunt. Etter å ha lest i eit magasin om denne iden, spurte eg jentene og dei sa at det var ein så god ide. Ideen handlar om at me ein gong i veka lagar sunn mat som me kan sette oss sammen og ete i lag. GENIALT!

 

9 kommentarer

9 thoughts on “Denne månaden skal eg..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *