Sommerplanar

Categories Reise

God morgon fine blogglesarar ❤ Håpar dikka er klare for helg? Her er det vertfall jobbhelg som står på planen, og eg reiser fra Oslo i morgon tidlig. Før eg flytta var det så slitsomt å komme seg på jobb. Bussen gjekk alltid ein halvtime/ time etter eg var ferdig eller eg kunne gå i førtifem minutt. No derimot – fem minutt med sykkelen og eg er på plass, deilig eller kva? Medan eg skriver dette innser eg kor sjukt i-lands problem dette er. Altså flyktninger brukar heile dagen på å gå, BARFOT, men eg klagar på å gå førtifem minutt. Herregud, for ein verden me lev i. Tar ting verkeleg for gitt!

Eg og M har snakka ein del om sommarplanar, og me har veldig lyst til å ta oss ein liten tur før eg skal på findings. Å nyte utsikten fra Eiffeltårnet eller ligge og chille på ei strand i Barca er alternativa. Paris er ein plass eg alltid har hatt lyst til å reise sammen med ein eventuell kjæreste. Flybillettane ned dit er billige, og hotellprisen er ikkje så ille. Det einaste som skiljer dei to plassane er at eg trur prisane for å leve er mykje dyrare i Frankrike enn i Spania. På den andre sida kosta det jo meir å reise til Barcelona enn til Paris. Eg veit virkelig ikkje, treng litt tips. Har dikka vore i Paris eller Barcelona før – eventuelt kva anbefalar dikka?

4 kommentarer

4 thoughts on “Sommerplanar

  1. Jeg har ikke vært på noen av plassene! 🙂 Pappa derimot anbefaler virkelig Barcelona, det gjør han hele tiden når jeg prater med han om at jeg har lyst til å pakke kofforten å bare reise igjen! 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *