Antrekk ⎮Flower power

Categories Antrekk

Sunday funday blei tilbrargt på jobb, klesvasking og bestevenninnekos. Klokka sju ringte alarmen og sola titta inn i vingauga (som eg forøvrig ikkje har skaffa gardin til enda). Å sykla tre minutt for så å vere på jobb gjer såå godt i forhold til å gå i førtifem minutt. Det merka eg verkeleg den helga her. Praksis tar skikkelig på, sammen med at eg jobbar annakvar helg og faktisk alle raude dagar i mai. 22 vakter på rad er det som står på planen no. På ein måte er det litt deilig også, ettersom M begynna med ramadan straks. Han kan ikkje klemma meg, kyssa meg eller holde hender så me møtes ikkje på ein måned. Det kjem til å bli drit tøft, ettersom me er blitt veldig vant til å sjå kvarandre nesten kvar veke. Jobb og trening får fylle kvardagen, slik at eg slipp å sitte heime å tenkje på han heile tida. 

Det har vore heilt nydelig vær også i Gjøvik dei siste dagane, og no på kvelden kom det seg faktisk litt – noko som resulterte i at eg og Astrid fekk knipsa nokon fine bilder. Moglegheitane er så mange fleire her i sentrum, enn oppe i skogen. No høyres det jo ut som eg hadde det heilt forferdelig på den forrige plassen, men believe me – eg likte meg ganske godt der også. Resten av kvelden skal eg bruke på å lakke negler, ta ansiktsmaske, tenne masse lys og lade opp litt batteri til nokon heftige veker framover. Lite tid kan også resultere i lite blogg, men eg skal forsøke alt eg kan for å holde dikka oppdatert. Bloggen er noko eg trives meir og meir med. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kjolen er fra Indiska og skoa er fra Skopunkten

6 kommentarer

6 thoughts on “Antrekk ⎮Flower power

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *