Antrekk ⎮Rooftop

Categories Antrekk

Då var dette årets 17. mai også unnagjort! Hadde dikka ei fin feiring i går? Etter kva me såg på TV var det jo såå fint så og sei over heile Norge, og det tenkjer eg at nordmennene utnytta til det fulle. Her på Gjøvik var det blå himmel, men ganske kaldt. Gjett kven som kom til Gjøvik midt på natta til 17.mai, kun fordi han sakna meg. Det var pappa! Haha, neida eg tulla – sjølvsagt var det M. Altså kor snilt gjort er ikkje det? Eg er så takknemlig for denne gutten som har komt inn i livet mitt og berre tatt hjertet mitt med storm. Som avtalt var det champagnefrukost hos meg med rundstykker, godt pålegg og avslutta med ei deilig pavlvoa kake. Turen gjekk så vidare ned til sentrum for å sjå på dei fine bunadane, opp til Haugetun for å seie hei til gamlingane våre for så å følgje M til toget igjen. For å tjene litt cash (som eg forhåpentlegvis gjer på bloggen snart,hehe) gjekk eg på kveldsvakt – og tilbragte nokre timar saman med pasientane mine. 17. mai well spent!

I morgon skal eg på seinvakt, og resterande pinse-dagar skal eg også jobbe. Gjett kven som har lyst til Barcelona liksom, heh. Me har jo booka eit hotel, men ikkje bestilt flybillettar enda. Forhåpentlegvis får me gjort det i laupet av juni, før billettane stig opp til ti tusen per pers. Anyways, her er ein outfit snille Iselin tok da me hadde grillparty. Kor sinsjukt fine er ikkje bilda med sola i bakgrunnen. Lenge leve sommarværet.

Bluse – Cubus, skjørt – Gina Tricot, sko – Skopunkten, veske – “Gucci” (og ja, eg veit eg treng ei ny veske)

6 kommentarer

6 thoughts on “Antrekk ⎮Rooftop

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *