Ting som irriterar meg

Categories Blogg

Ny veke, og tre veker til dette skuleåret også er ferdig. Vent – begynte ikkje eg på sjukepleien for ein månad sidan? Antakelegvis er det litt lengre enn det sida. Om eit år skal eg jobbe som sjølvstendig sjukepleiar, ta beslutningar på eigahånd og gå ansvarsvakt heilt åleine. Ana dikka kor skremt eg blir berre av å skrive det her? 22 år og ferdigutdanna sjukepleiar. Noko av det eg angra mest på er at eg ikkje tok meg eit fri år, levde livet og reiste litt. Takket være dei som pressa meg heime så begynte eg rett på sjukepleien, nemleg fordi det ville blitt så vanskelig å begynne på skulen igjen etter eit friår. Bullshit! Men men, eg er vertfall ferdig å studere om eit år, og da har eg ein utdannelse som eg er garantert jobb i.

I dag tenkte eg uansett å blogge litt om kva som irriterar meg, fordi eg ikkje har hatt eit slikt innlegg før – men også fordi eg elska å lese slike innlegg sjølv. Med det sagt, lat oss berre hoppe i det.

🌸 Folk som kommenterar alt på alle andre. Har ikkje folk nok med seg sjølv? Kva får man som medmenneske ut av å kommentere på alle andre? Det værste eg veit er bodyshaming og slutshaming. Alle kroppar er forskjellige, og det er ingen som er bedre enn nokon andre. Sjølvsagt skal man ikkje vere helseskadelig overvektig, eller undervektig – men dette på fordi det handlar om å vere frisk. Store puppar, små puppar – stor rumpe, liten rumpe, who gives a shit? Også slutshaming burde jo vere eit punkt for seg sjølv! Det er så kult visst ein gutt har hatt femti sexpartnarar, men visst ei jente har hatt sex med tjue er ho ei bitch uten like – i korleis verden er dette okey?

🌸 Unødvendige lydar. Av og til produserar eit menneske så mange unødvendige lydar som får meg til å flippe! Spesielt når det er heilt stille og nokon lagar sånne unødvendige og irriterande lydar har eg lyst til å kutte av vedkommande hendene eller legemsdelane som lagar lydane. Dette kan vere alt fra personar som åpnar chipsposar, tygging av knekkebrød med lukka munn i stillhet (dette er den VÆRSTE) eller generelt tung pusting. 

🌸 Baksnakking. Denne går vel litt inn i den fyrste, men baksnakking er noko av det værste og mest irriterande eg veit om. Framsnakking derimot er noko som eg er skikkelig for. Eg sladrar aldri på den som baksnakkar men eg tenker alltid at; what goes around comes around. 

🌸 Størrelsane på bik bok. Haha, dette punktet er jo så latterlig morsomt! Uendelig mange gangar har eg tatt med meg toppar og bukser i størrelse large som eg ikkje har fått på armane eller over låra. Til og med bestevenninna mi som er ein mykje mindre størrelse enn meg seier størrelsane på bik bok er totalt fucka, og unngår å gå inn der i så stor grad som mogleg. 

4 kommentarer

4 thoughts on “Ting som irriterar meg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *