Rask, sunt og enkelt ⎟Laksesalat

Categories Oppskrift

Hei og velkommen til mitt lille, søte studentkjøkken. Det er ikkje som leiligheta til Lene Orvik, men gi meg nokre år og i’ll get there. Enn så lenge får dette fine trekjøkkenet med litt kvitt innimellom duge. Denne middagen er noko av det mest bedre eg har laga, og tok meg seriøst eit kvarter. Frysen min er full av masse rart som eg berre må tømmast. Laksen var kjøpt for lenge sida, men eg lovar at den held seg så lenge den er fryst. I tillegg er eg ikkje så veldig glad i sånne “tunge” middagar no på sommaren, så difor passa denne middagen perfekt. 

Man kan jo eigentleg ha i det man ønsker i denne pastasalaten, men det er jo noko som er meir obligatorisk enn resten. Ingrediensar som eg trur hadde vore såå godt kunne vært saften av ein halv sitron, litt hakka korriander og mango. Her er vertfall kva eg tok i den; 

· 1 boks med rømme

· Så masse pasta du sjølv vil ha

· To laksefile

· Paprika

· Agurk 

· 1/2 raudlauk

· Krydder av eget val; Tzatziki krydder, timian og salt med basilikum 

 

Begynn med å koke opp ønska mengde pasta og steik laksen. Kutt så opp alle grønnsaker du måtte ønske å ha i, og tilsett tilslutt rømmen før du rører godt om. Eg kan love deg at det smakar så sinsjukt godt og er sunt visst du brukar lettræmme og fullkornspasta. Håpar dikka vil prøve å lage denne retten og smake kor god den faktisk er. 

 

1 kommentar

1 thought on “Rask, sunt og enkelt ⎟Laksesalat

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *