Den beste dagen på lenge

Categories Kvardag

Sjå på denne fantastisk fine jenta! Tenk at eg er så heldig å ha ei så fantastisk bestevenninne. Etter mange månadar frå kvarandre var det så deilig å gi denne flotte jenta ein god klem igjen og bruke heile kvelden med ho. Og for ein fin dag me har hatt. Som kvar dag var eg i praksis også i dag, og hadde pedagogisk framlegg angåande etevegring. Eg synest etevegring er så utruleg aktuelt og eit så viktig tema! Kanskje eg skriv eit eige blogginnlegg om det ein anna gong, men det er for mykje å skrive om inni eit anna innlegg. 

Etter praksis gav eg dette perfekte mennsket ein gigaklem før me gikk ut å åt. Fyrst ein gang på Salt & Pepper, også ein til gang litt seinare. Me var såå stappfulle etter middagen så det var ikkje sjans i havet at me fekk ned desserten. To timar seinare tura me ned på samme restaurant for å ete brownies. O M G! Den var så himla god at det ikkje ein gang kan beskrivast med ord, virkelig heaven. Marta skal vere her til i morgon, og planen er å lage deilig frukost til oss før me reiser kvar for oss igjen. Fredag og laurdag har eg jobbing, søndag derimot har eg fyrste fridagen min på lenge. Det blir rart for eg er ikkje sikker på kva eg skal finne på, haha. 

Altså, sjå kor jævlig fin venninne eg har. Tenk så heldig eg er som har verdas nydeligaste menneske som mi bestevenninne. Alle skulle hatt ei Marta, ho lyttar alltid, støttar meg og setter virkelig pris på vennskapet vårt. I love you honey ♥

1 kommentar

1 thought on “Den beste dagen på lenge

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *