Restylane, rumpeimplantat og silikon

Categories Trening og kosthold

Etter mykje om og men har eg valt å ta opp dette temaet, nettop fordi det er så utruleg viktig. I det samfunnet me lev i er det lett å bli påverka, veldig lett. Som ung voksen og fast blogglesar har eg sjølv merka at dette er noko som berører meg. Som mange av mine blogglesarar veit har eg aldri vore hundre prosent nøgd med korleis eg ser ut. Fyrst var det vekta som eg strevde lenge etter å få ned. Men kva er vel så det tallet? Er det ikkje mykje viktigare korleis du føler deg på innsida, har ein sunn og sterk kropp? Det er vertfall det eg har erfart etter MANGE år med det tallet. Når eg begynte å trene igjen i august 2017 var vekta problemet igjen. På lik linje som sist gang var vekta eit av mine daglege gjeremål, og eg stod opp kvar morgon og gjekk på baderomsvekta. Etter å ha gått ned tjue kilo skjønnar eg at det ikkje er det som er problemet, men at man sjølv må føle seg vel og sunn. 

Kva skal me ta føre oss no da? Skal me begynna med leppene? Restylane er jo blitt så vanleg og så normalt at eg tenkte eg skulle gjere det også. Faktisk så bestilte eg time på Viva Skin Clinic i Bergen, men takk Gud den vart avlyst. Å bli så paralysert og påverka av alle rundt ein er ikkje bra, og diverre så befant eg meg i ein dum situasjon. Alle er me forskjellige, og visst nokon har eit så stort behov for å få injeksjonar i leppene fylt med restylane for å få betre sjølvtillit, pøs på. Hugs berre at alle lepper er forskjellig, det kjem dei alltid til å vere og det har dei alltid vore. At det er fint med store, fyldige lepper? Ja. Men mine er faktisk ikkje så værst dei heller. 

Til slutt kan me ta puppar og rumpa mi. Rumpeoperasjon såg eg eigentleg på etter min eks-bestevenn og eks-kjæreste sa eg hadde flat rumpe. Sjølv har rumpa alltid vore den delen av kroppen eg har vore nøgd med, heilt til da. Dei sa at dei hadde studert kor flat den faktisk var. For å seie det slik, det er vel ein grunn til at begge dei to er eks’ar? Etter denne hendelsen var eg inne på fleire sider for å sjekke pris for rumpeimplantant og tenkte eg kunne bruke feriepengane mine på det. Nettop fordi eg fekk så mykje igjen på skatten skulle det gå til plastikk i rumpa. Heldigvis fekk den noverande kjærasten min meg til å tenkje over kor vanvittig dumt dette høyrtes ut og at eg må vere nøgd med rumpa mi. Puppar kjem også i mange forskjellige fasongar. Nokre er kjempe store, runde, små, spisse, hengande, nokon har store niplar og nokon har små. Men kva har vel det å seie? Gjer dei ikkje nytten for seg? Når du ein vakker dag får barn vil dei fungere slik dei skal, og det er så mykje å vere takknemlig for. Så med gjenomsnittleg store lepper, brei og litt flat rumpe og spisse puppar vil eg seie at kroppen min fungerar til akuratt det den skal, og eg har for tiden INGEN planar om å operere meg for å fiksere på korleis eg ser ut. Det er kun ein av meg, og god damn eg er fantastisk. 

6 kommentarer

6 thoughts on “Restylane, rumpeimplantat og silikon

  1. Kjempe bra innlegg! 🙂 Jeg vil aldri fikse på noe ved meg selv, eller kanskje øya mine så jeg slepper å være avhengig av briller hele livet, men da skal syne mitt være såpass dårlig også, noe det ikke er ennå! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *