Denne vekas handleposar + middagar

Categories Innkjøp

Kvar einaste veke framover skal eg prøve å ha eit lite prosjekt, nemleg det å gå på butikken kun ein eller to gonger i veka. Før var eg flink til dette, og eg sparte ganske mykje peng på å handle så få gonger i veka. Etter eg flytta bur eg faktisk to minutt fra Rema 1000, og derfor er det lettare å berre “nett gå innom” butikken. Då blir det ofte ein eller to ekstra ting, og eg skal love deg at det fort blir nokre hundrelappar. Eg veit ikkje heilt kva dikka synest om sånne innlegg? Er det kult eller er det dritt kjedeleg? Let me know.

Eit anna tips eg har er å bruke handlenett. Det er kanskje lett å gløyme kor mange plasposar ein brukar i laupet av eit år, men det er ikkje få. I nokre land, som blant anna Somalia er det ulovleg med plastposar. Handlenett får du kjøpt over alt, mine fancy er kjøpt på nokre butikkar i Berlin. Du sparar miljøet, samtidig som du ser ganske så miljøvennleg ut der du går, kult! 

Her ser dikka denne vekas handlepose og den er fylt med masse masse digg, som dikka ser. Når man er student orkar man ikkje alltid å lage så mange middagar, og har ofte samme middag to dagar på rad. Kvifor ikkje? Så her kjem denne vekas middagar.

MANDAG: HAVREGRAUT MED BÆR OG PEANØTTSMØR

TIRSDAG OG ONSDAG: SALAT MED MANGO OG LAKS, TOPPA MED TZATIKI

TORSDAG OG FREDAG: HEIMELAGA BLOMKÅLSUPPE MED RUNDSTYKKER

 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Denne vekas handleposar + middagar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *