QUAY X DESI PERKINS

Categories Innkjøp

Velkommen til solbrille-familien min, etterlengta Quay solbriller. Endeleg blei desse mine, etter å sikla på dei i over tre månadar. Det er jo ikkje det at dei er så dyre, men som student er det ikkje heile tida ein har seks hundre kroner til å punge ut på eitt par solbriller. Ettersom mine kjære H&M briller knakk i det eg fikla med dei, måtte eg jo ha eit nytt. Takket være ei veldig god lønning gikk eg på Hvit Tråd (som forresten har SINSJUKT masse fint) og la desse brillene på kassa før eg drog kortet. Eigentleg hadde eg lyst på dei største, men sida dei ikkje hadde dei vart det mini-versjonen.

 

I dag er det skikkelig drittvær her på Gjøvik, regn, surt og litt vind. Våkna faktisk til vinden som røska i persiennane mine. Derfor blir dagen i dag brukt på å vere inne, samt sjekke korleis bøker eg skal få solgt vidare. I dag har eg absolutt ingen planar, og det er så uvant. Eg plar jo alltid å jobbe, vere i praksis eller vere på skulen – men i dag har eg ingen planar. Kanskje eg skal gi klesskapet ein real detox? Me får sjå.

 

Kva synst dikka forresten om det nye designet, yay or ney?

 

3 kommentarer

3 thoughts on “QUAY X DESI PERKINS

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *