Late breakfast

Categories Kvardag

 

··· STARTIN’ THE DAY WITH A NICE BREAKKIE ···

 

Endeleg helg, og endeleg jobb. Wow, tenk at eg seier at eg endeleg skal på jobb – bra arbeidsmoral eller? Eigentleg har eg alltid hatt skikkelig bra arbeidsmoral og gått på jobb sjølv med litt hodepine eller vondt i halsen. Faktisk så er det ein av dei eigenskapane som eg likar best med meg sjølv. I går hadde jo eg absolutt ingen planar og det var faktisk ganske deilig. Eg fekk sove skikkelig ut, og lada opp alle moglege batteri og ordna litt i heimen. Like før stengetid drog eg med meg Iselin ned på CC for å ta ein kaffi. Kor sinsjukt voksen har eg ikkje blitt? Bestiller svart kaffi med påfyll på cafe! Dette er noko eg aldri hadde trudd ville skje visst me tenkjer kun eitt år tilbake i tid. Uansett, det var utruleg koselig å vere litt med ei av mine gode venninner her på Gjøvik. Klokka tolv fekk eg ein ide om å leggje kontaktplast på den stygge tre-benkplata mi for å piffe opp litt her. Klokka 01.10 var benkplata ferdig og eg fekk sovne. Har dikka lyst til å sjå resultatet eller? Let me know.

 

I dag skal eg som sagt på jobb, og det blir herlig å ha litt rutiner og rammer på dagen. I tillegg er det jo Big Smile Day på Cubus, aka tretti prosent på alle kleder der, så da må jo eg ned ein tur å sjå litt. Tips: Når det er slike kampanjar, utnytt dei til å handle julegåver!! Eg lovar dikka at dikka kjem til å sitte i desember å vere så takknemlege for at dikka handla julegaver på salg. Ikkje berre får du meir for prisen, men også blir du ferdig med all julestress i desember og kan bruke denne fine månaden til å kose dikka med gløgg og pepperkaker kvar dag. Håpar dikka får ei kjempe fin helg kjære lesarar, så bloggast me ♥

 

 

♥ Åh, mine fine peoner!

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Late breakfast

  1. Ja jeg vil veldig gjerne se benkplata di! 🙂 Jeg er alt ferdig med 7 julegaver jeg, så i år skal jeg være ferdig føre desember 🙂 Mangler bare noen små ting som jeg må gjøre i desember, men sånt er bare kos! 😀 Kos deg masse på jobb <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *