Tre er bedre enn fem!

Categories Kvardag

 

Mooonday here we go again. Tenk at me fekk starte denne veka med nydelig vær da folkens! Så deilig å ha sola og varmegradene tilbake – samtidig som det ikkje er så sjukt varmt som det var i mai. Det er rett og slett ein deilig temperatur ute. Sola og temperaturen skal nytast med ein gåtur (sjølvsagt med treningspodden på øyra) samt litt styrketrening etter gåturen. Skulle veldig gjerne ha jogga, men synst ikkje noko om å jogge på steinhardt underlag – sjølv med tidenes beste joggesko (HOKALOVE!). Eg må opp til gamle leiligheten for å sjå om det har komt noko post. Adressa mi vart jo endra for over ein månad sida, men ingen post har komt. Værst av alt har ikkje det nye Shape Up bladet mitt komt, drittrist. Såg i tillegg at Lotte Oxholm hadde laga ei treningsøkt som ikkje krever noko utstyr, så da passar jo det perfekt i dag. 

 

Kva tenkjer dikka om trening for tiden eigentleg? Eg veit mange som les bloggen min har sommarjobb og jobbar for harde livet. Tru meg, eg kjenner på at det deiligaste hadde vore å slengt seg ned i sofaen med ein iskald pepsi og litt sjokkis – men trening i sommarferien er veldig viktig. Don’t waste what you started. Alltid når sommarferien kjem blir eg demotivert og sliten av all jobbing, men hugs at tre fantastiske treningsøkter er mykje betre enn dem elendige. Forrige veke fekk eg faktisk tre ganske bra økter, og eg er så fornøyd. Kanskje det er av interesse at eg deler nokre av øktene mine her? ♥

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Tre er bedre enn fem!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *