Rosy cheeks

Categories Innkjøp

 

Om det er deilig å starte dagen med ei ny, fersk ansiktsmaske? Hell yeah. Når eg var i Oslo forrige torsdag var eg og Jonas innom Lush for å sjå litt. For ei luftbombe man går i mot i det man passerar inngangsdøra der. Ettersom eg lenge har vore plaga med raudheitar i huden fekk eg annbefalt denne maska. Lush har jo ferske, håndlaga masker – noko som er eit sjukt pluss. I tillegg testar dei ikkje på dyr og driv med bærekraftig produksjon. Bra for både naturen og bra for deg. Eg skal vere heilt ærleg og seie at eg ikkje har merka noko stor forskjell etter kun ein gongs- bruk, men eg reknar med at det blir betre dess lengre ein brukar den. 

 

I dag er siste kveldsvakta mi før eg skal på mi aller fyrste nattevakt. Erfaringane mine fra tidlegare nattevakter er nettop det at eg blir sjukt skei når eg jobbar natt. Oppblåst mage, kvalm og eit enormt søtsug inntrer når klokka nærmar seg fire og fem. Derfor skal eg ha med meg ei god nistepakke, samt satse på at pasientane mine søv godt. Kjipt å vere åleine på avdelinga visst det plutselig skulle bli mykje uro, og ikkje minst fall. Fingers crossed. Apropos mat, gjett kven som nettop åt frukost? Hehe, well that’s me. Eg var faktisk oppe klokka halv ti – men ettersom eg har drivet å rydda litt og styrt litt blei det ikkje mat før no. Viktigast er vel at ein uansett får i seg noko. Håpa dikka får ein nydelig torsdag, for i morgo er det helg! ♥

 

5 kommentarer

5 thoughts on “Rosy cheeks

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *