Work it out

Categories Trening og kosthold

 

Ja, eg veit den lappen bak der er så sjukt irriterande – men alle av dei resterande bildene blei berre sjukt rare. No er det så typisk at ingen hadde lagt merke til det, om ikkje eg hadde sagt det. Ja ja, alt må ut. For ein treningsdag dette har vore allerede! Klokka halv ni var eg oppe for å sole meg. Sola skinner i dag, og sjølv om det ikkje er så varmt, var det jo veldig deilig å komme seg tidleg ut. Skal eg vere ærleg fraus eg faktisk litt mens eg låg der, og gikk derfor inn. Eg synst faktisk det er sjukt kjedelig å sole seg, så eg tenkte eg heller skulle finne på noko. Joggeskoa kom på og eg la ut på den 8 kilometer lange turen min. Eg jogga mesteparten bort og gikk fort tilbake. Jogging og soling er rett og slett noko av deg kjedelegaste eg veit. 

 

Vidare tok eg med meg strikkane mine og kettlebellen min ut for å trene litt styrke. Eg tenkte på å trene ute visst det skal vere slik vær i heile sommar, ettersom det gir meg så mykje meir motivasjon. Eventuelt ta to økter i veka inne på treningssenter. Who knows. No skal eg rydde leiligheten, vaske golvet, lage noko deilig mat for så å legge meg litt nedpå. Er eg heldig klarar eg å sove til klokka slår halv ni, men reknar egentlig ikkje med det. Me kryssar fingrane. Uansett fra forrige treningspost vart det ønskelig at eg delte treningsøktene mine, så sånn skal det bli:

 

· KNEBØY MED KETTLEBELL – 15 X 4

· EINARMS ROING MED STRIKK – 12 X 4 (PER ARM)

· EITTBEINSMARKLØFT MED KETTLEBELL – 12 X 4 (PER BEIN)

· PUSH UPS – 10 X 4

· GÅANDE UTFALL – 12 X 4 (PER BEIN)

· SKULDERPRESS MED KETTLEBELL – 12 X 4 (PER ARM)

· HIP THRUST MED KETTLEBELL – 15 X 4

 

 

 

Alt du trenger for ei fantastisk treningsøkt!

4 kommentarer

4 thoughts on “Work it out

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *