When at home..

Categories Trening og kosthold

Innlegg skrivet i går

 

 

Wow, just wow. Sjå kor sjukt fint det er her! Årdals natur går hundre prosent i gløymeboka i det eg bur på Gjøvik, og omringar meg med noko som ser ut som sanddynger i forhold til desse fjella. I går kveld gjekk eg til Lauvnes, noko som ikkje er langt men så fin utsikt. Og i dag gikk eg og mamma til Vetti. Eigentleg skulle me gå til Vettisfossen, men begge to har heilt angst etter me holdt på å skli ned i fossen. Me var så heldige med været, i forhold til at det ikkje var for varmt, ikkje for masse sol samtidig som det ikkje er kaldt og regn. Deilig turvær. 

 

No ligger eg og ventar på dagens middag, som er så norsk som ein kan få ein middag; kjøttkaker, brun saus og poteter. YUM! Det blir ikkje akkurat så mykje av den type mat når eg bur åleine, så eg kjenner at eg gledar meg sjukt til deilig, norsk middag. I kveld skal eg faktisk ha kosekveld med Alise, Marta og Jonas. Herregud det er lenge sida heile TDQ (The Drama Queens) var samla ein heil kveld. Dette er vennene som eg hadde på vidaregåande, og som eg fortsatt er så heldig å ha i livet mitt. Anyways, eg tenkte å leggje ut nokre litt fleire bileter av den flotte turen eg gjekk, saman med mi flotte mor. 

 

I LOVE YOU MAMI ♥

14 kommentarer

14 thoughts on “When at home..

  1. Ååå fine bilder ..Fantastisk natur .va så koselig å få deg heim nokre dagar snille gode “Sussi”❤

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *