Annbefaling: Glem meg

Categories Favorittar

2 togturar var alt eg trengte for å fullføre denne vakre, ærlege og vonde boka. Eg har smilt, ledd og felt nokre tårer i laupet av desse to togturane. I det eg kjøpte ei anna bok blei eg annbefalt denne boka som tok føre seg alkoholisme, og korleis det var å vokse opp med ei mor som elska alkohol meir enn ho elska barna sine. Så her kjem ein liten bokannbefaling til dikka fine blogglesarar, nemleg fordi denne boka fortjener å bli lest og sett:

 

 

Alex og sine to brødre veks opp i Sverige saman med ei mor og ein far som skal vise seg å elske ruskjensla meir enn noko anna. I mange år har mora vært enke, noko som absolutt ikkje gjorde det enklare for ho å slutte med alkoholinntaket. I byrjinga av boka møter vi ein oppgitt, lei og redd søskenflokk som vil ha tilbake det gode livet dei hugsa frå dei var små ? men mest av alt vil dei ha tilbake den gode kjærlige mora si. Klarar dei å redde mora før det er for seint?

Denne boka er oppriktig ærlig og hjarteskjærande! Ein ser korleis alkohol kan splitte ein familie, samtidig som barnas innstinkt er å normalisere korleis dei har det i heimen. Den er lettlest, ikkje så mange sider og utruleg interessant. Annbefalast på det varmaste.

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Annbefaling: Glem meg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *