5 ting eg gledar meg til

Categories Kvardag

 

🌸 Ei veke ferie. Fra fredag har eg faktisk fri litt over ei veke før eg beygynnar i praksis. Etter å ha jobba i heile sommar har eg verkeleg fortjent meg til ein liten miniferie, og ikkje minst å kjøpe noko som eg verkeleg har lyst på. 

 

🌸 Haust. Me har hatt tidenes sommar her og det har verkeleg vore godt, men eg merka på slutten av sommaren at det har blitt litt for mykje av det gode. Når man begynnar å setje pris på dagane med regn og temperatur under tjue grader veit ein at det har vore ein sinsjukt varm sommar. I tillegg er det noko spesielt med hausten; tenne lys, koke seg kakao og tilbringe sure kveldar under pleddet. Gledings.

 

🌸 Bli ferdig med sjukepleien. Om eit år jobbar eg som sjukepleiar og kan ikkje lengre skjule meg bak “studentmaska”. Å skulle fungere som eit autorisert helsepersonell er både skummelt men også veldig spennande. Eg elskar jo å ha ansvar, så føler derfor at dette yrket passar utmerket for meg. Måtte det siste året gå veldig fort. 

 

🌸 Komme tilbake til gode rutinar. Både når det kjem til trening og kosthald har det vore heilt på bærtur i sommar, rett og slett fordi eg ikkje har prioritert det. Når eg er ferdig på jobb er eg som regel veldig sliten, og orkar ikkje så veldig masse. Ellers har eg prioritert tid til andre ting, som dei fantastiske menneskene eg har i livet mitt, turar og avslapning. Viktig å ta litt vare på seg sjølv også. 

 

🌸 Sitte på café Gul og lese. Laurdag og søndag har eg satt av til å lese på hjarte- og lungesjukdommar som eg må repetere til praksis. I staden for å sitje heime å kjede meg har eg bestemt meg for å ta med meg pcen bort på favorittcaféen min på Gjøvik for å lese. Ein kaffikopp og sjukdomslærebøker er dei eg skal tilbringe helgedagane mine med. 

2 kommentarer

2 thoughts on “5 ting eg gledar meg til

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *