New couple of blue jeans

Categories Innkjøp

 

Never have I ever owned a jeans from H&M *drinks*. Mitt aller første jeans-par fra Hennes, og eg absolutt elskar dei. Sett vekk ifrå at eg kjøpte dei ein størrelse for store passar dei perfekt i lengden, sitt fint og gir meg tidenes rumpa. Sjå berre på biletet ovanfor, boom. Jeans som gir deg sjølvtillitsboots, ja takk. I tillegg elskar eg beina på dei og korleis dei er “klypt” opp, skikkelig røffe. 

 

God onsdag, håpar alle har fått ein fabelaktig start på lillelaurdagen sin. Min starta med å spele inn ein sminkevideo for dikka faktisk. Veit ikkje om det er noko interesse av det – men lat gå. Skal få redigert den i laupet av dagen, slik at den snart kjem ut. Har ikkje laga video på lenge og følte berre for det i dag.  I tillegg skal eg jo til Gøteborg, så da tenkte eg å lage ein innkjøpsvideo når eg kjem heim. Skal ein bli toppbloggar må ein jo faktisk begynne å ta ting seriøst. Uff, eg seier det kvar einaste blogginnlegg. Sorry for at eg ein ustabil sjel når det kjem til blogging. Føler meg så ambivalent i forhold til at eg absolutt vil blogge eitt innlegg for dagen, samtidig som livet mitt er så kjedeleg at det ikkje er så mykje å blogge om. Blogginnlegg kjem vertfall når eg føler for det, noko som absolutt bør bli oftare enn ein gong i månaden. 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “New couple of blue jeans

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *