Antrekk ⎟Flowers and denim

Categories Antrekk

 

 

 

How pretty isn’t these photos? God damn. Skal eg vere heilt ærleg med dikka har eg ikkje tørt å gå med denne skjorta sida eg kjøpte ho, nettop fordi det ser halvvegs ut som ei skjorte man finn i natttøys-avdelingen på H&M. Alikevel er den råkul, og eg synst den faktisk passa så bra til denne outfiten. Småforelska i bildene, lyset og outfiten! Tenk at eg låg inne i heile dag, fram til klokka passerte seks på ettermiddagen. Ikkje har eg gjort noko produktivt heller, men gud så deilig. Føltes veldig godt å ha ein slik dag, det eg ikkje gjorde noko som helst. Kjæresten sov over her i natt, så han var her til klokka fire og holdt meg med selskap. Som eg elskar den fyren og spesielt det å våkne med han (klarar ikkje vente til det blir ein del av kvardagen)!

 

Ellers så er eg jo ferdig med mi andre veke i praksis, noko som kjennes veldig deilig. Kun sju veker igjen, og ein del av sisteåret på sjukepleien ferdig. Eg trives absolutt veldig bra i praksis og synest det er veldig spennande med sjukdommar som rommar store grupper av norges befolkning. Sjukepleiarane har mykje ansvar, og eg har allerede fått vere med på mange prosedyrar som blant anna å leggje inn veneflon (som eg traff på!!). Noko eg legger merke til ved kvar einaste prakisperiode er at eg lengtar etter forelesningssalen, medan når eg har forelesningar lengtar eg etter å komme i praksis igjen – rart. Klokka er jo no snart elleve, og eg skal opp igjen klokka 06.45, så kanskje greit å leggje seg snart. Håpar dikka har hatt ein kjempe fin torsdag, og at dikka ser lika mykje fram som meg til helg i morgon ♥

SKJORTE H&M ⎟ BUKSE H&M ⎟SKO PUMA⎟VESKE MANGO ⎟BELTE GUCCI

2 kommentarer

2 thoughts on “Antrekk ⎟Flowers and denim

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *