Det er lov å vere sliten

Categories Kvardag

 

Jo me er utruleg heldige som får ta ei fin, trygg og god utdanning i Norge. Eg er så takknemlig for at eg har moglegheita til å bli akkurat kva eg vil og når eg vil. Hadde det ikkje vore for velferdsstaten hadde eg aldri kunne tenkt tanken om å bli sjukepleiar ein gong. Med det sagt vil eg få ut litt tankar om kva studie gjer med ein som person. Ikkje fordi eg vil få medlidenhet eller at andre skal synest synd i meg – for det er det ABSOLUTT ikkje! Dette er voksenlivet, ein må stå på sjølv når det er tungt, du er sliten og eigentleg ikkje orkar ein dag meir. I dag er ein sånn dag. Eg har nett vore på jobb der eg har min faste helgestilling (som eg er avhengig av for å få dekka alle rekningar og husleige) som er utruleg givande. Eg har verdas finaste pasientar som eg faktisk er glad i og bryr meg om. Når eg kjem heim er eg berre sliten, orkar ingenting og vil berre ligge i senga heile dagen.

 

Det er greit å ha ein dag i blant der ein ikkje orkar ting, men når dette skjer opptil fleire gonger i veka blir man sliten. Og eg veit at eg ikkje er den einaste som opplever det slik, for alle studentar eg har snakka med føler det akkurat likt. Utmatta, sliten, trøytt, lei og deppa. Praksis er flott, eg lærer masse nytt kvar dag og får virkelig møte mange vakre mennesker – men det er slitsomt. I ein praksisperiode må ein vere på konstant, man blir vurdert etter den minste ting man gjer og man jobbar over hundre prosent over ein tidsperiode på ni veker. Eg jobbar rundt hundre og tretti prosent i ni veker, noko som absolutt tar på. Når praksisperioden er ferdig er det jo tid for eksamen, og etter eksamen praksis igjen, og etter praksis er det bachelor. Er detta virkelig livet? Ja, eg går på skule og ting blir sikkert bedre etter eg er ferdigutdanna, men da skal eg jo jobbe heile tida. I dag er berre ein sånn dag der desse mørke tankane sluker meg og eg føler meg dritt lei alt – sjølv om den einaste følelsen eg burde ha er takknemlighet.

 

Men det er lov å ha slike dagar, dagar der alt er ugreitt og du berre vil droppe ut. Heldigvis er det ikkje mange dagar ein sitt med dette dystre, og negative tankemønsteret. Man føler ikkje at man strekk til med at det er rotete rundt ein, augenbryna skulle ha vore nappa, det er grisete i kjøleskapet og klesvasken skulle vore tatt for fleire dagar sida. Det ligg skitne truser rundt på golvet, tørre pizzarestar fra i går (som minner meg på kor usunt eg lev for tiden) og brukte glass spredt utover i den lille hybelen min. Skulle ha gjort ditt og skulle ha gjort datt – men det er ikkje nok timar i døgnet. Skal liksom vere så fantastisk bra på alle områder. Skal trene, skal lese pensum, skal jobbe, skal vere flink sjukepleiarstudent, skal vere eit omsorgsfult familiemedlem, skal vere den kulaste bestevenninna og ikkje minst den beste kjæresten til mannen som virkelig fortjener det. Men energien, følelsane og tiden strekk ikkje til for at alt skal bli fullført, så da må man vel nedprioritere. Da må man lat dei tørre brødsmulane flyte over tregolvet, hårballen ligge i sluken i dusjen og kjøleskapet fult av utgåtte varer. Sånn er min søndag.

 

 

Det er ikkje sånn kvar dag, men berre for å vise dikka at det er lov og ikkje ha det dritfett heile tida. Brødsmulane forsvinn ikkje om dei ligg der ein dag til, eller anticimex kjem ikkje for å sjekke kjøkkenbenkens bakteriehage. Men hugs; det er berre ein dårlig dag – ikkje eit dårlig liv. For masse å vere takknemlig for ♥

4 kommentarer

4 thoughts on “Det er lov å vere sliten

  1. Det er så sant som du skriver. Noe jeg selv føler på! Men, det er som du sier – bare en dårlig dag, ikke er dårlig liv og det er alltid noe å være takknemlig for 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *