Monday blues

Categories Kvardag

 

STARTING THE WEEK ALL GREEN 🍏

 

Denna juicen folkens, er verkeleg nødt til å vere den beste eg nokon gong har smakt! Bur du på Gjøvik eller rundt om i samme område, burde du verkeleg ta turen opp på Lasse Liten på CC, og bestille friskpressa juice. Yum. Hadde eg hatt mi eiga juicemaskin hadde eg sikkert drukket juice som vatn (eller som pepsi max). Det er ein så fin måte å få i seg masse grønnsaker på, samtidig som det faktisk smakar veldig godt. 

 

Etter dagen i går var eg lite klar for ei ny veke i praksis, men det gikk faktisk fint. Når praksisdagen var ferdig hadde eg avtalt med Astrid om å reise på cafe, gå litt på senteret og ta nokon kule bileter. Å henge med Astrid er aldri ein dårlig ide, for me ha det såå gøy sammen. I tillegg til at me har det sjukt fett sammen er ho jo verdas beste lyttar og ikkje minst ein rå fotograf!! This girl got it all. Planane for kvelden er å få rydda leiligheten, betalt litt rekningar og lage ein deilig kyllingsalat. To nye episodar av “Jeg mot meg” har komt ut, og dei skal nytast med good samvittighet. Ha ein nydelig start på veka folkens. 

 

 

3 kommentarer

3 thoughts on “Monday blues

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *