Oreo + Nutella = sant

Categories Oppskrift

 

OUF!!!! Gjett om denna oreodraumen smakte himmelsk? Altså, eg får vatn i munnen berre av å tenke på gårsdagens dessert. Baby jobba jo til klokka var kvart over åtte, og til han kom heim hadde eg stått på kjøkkenet i to timar. Alt blei jo verdt tiden når reaksjonen hans. Den gutten der veit til å setja pris på ting altså. Han vart såå glad, noko som gjer at eg faktisk får lyst til å gjere sånne ting for han. Så da koste me oss med lasagne, dessert og Ex on the Beach. Perfekt tirsdag. 

 

I dag tenkte eg å komme meg på trening ettersom eg ikkje har vore der på noko som føles ut som hundre år (var der forrige veke). Tenkte å setje meg som mål å få til tre økter i laupet av dei siste vekene eg er i praksis. Å balansera praksis, jobb og trening er verkeleg ikkje lett når det einaste ein vil når ein kjem heim er å slenge seg på sofaen med ein iskald Pepsi Max. Trening er jo så viktig, og eg elskar å trene styrke såå masse – så det er vel berre energien som stoppar meg. Uansett, som lovd – her er oppskrifta på Oreodraumen.

 

    

🍪 Visp fyrst sammen kremosten (bruk naturell philidelphia) sammen med nutellaen. Ikkje smak på denna komboen da eg lovar at du kjem til å bli skuffa. 

 

🍪 I ein anna bolle vispar du kremfløyten til den blir som ein mjuk, deilig krem. Det er absolutt best å ha autmoatisk håndmikser eller kjøkkenmaskin når du skal vispe dette saman – eg veit faktisk ikkje om det fungerar å gjere det for hånd. 

 

🍪 Bland så saman desse to og fordel det ut i fine glass saman med knuste oreokjeks. Visst du har litt store glass kan du leggje det delvis, og ha eit lag av oreo, eitt av kremen osv. Det ser mykje finare ut visst du legg det lag for lag. 

 

🍪 Til slutt lar du dei stå i kjøleskapet minst 2-3 timar før servering, dei kan også lagast dagen før. Så enkelt var det! 

 

8 kommentarer

8 thoughts on “Oreo + Nutella = sant

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *