Saturday morgning

Categories Kvardag

 

Det er laurdag, YAY! Eller er det eigentleg yay når eg skal i praksis? Hm. Joda, det er fortsatt yay. Altså vekene i praksis går så sinsjukt fort, og det er utruleg å tenkje på at eg er ferdig om fire veker. 16 vakter er det som står att på sjukehuset for denne gong, før eksamen startar. Endeleg føler eg at eg har glidd litt meir inn i miljøet på praksis, at eg får unnagjort oppgåver og utført prosedyrar. I begynnelsen var eg utruleg negativ, fordi eg rett og slett ikkje følte eg gjorde noko, kunne noko eller ikkje passa inn – men no er det myykje betre. Rart med det, det tar tid før ein venner seg til nye arbeidsplassar. 

 

I går var eg på jobb jobb, for å tjene litt ekstra cash til eg og A skal til Berlin. Marte, som er ei av mine beste venninner her på Gjøvik, var også på jobb med meg i går – noko som gjorde det LITT lettare å komme seg på jobb. Tiden gikk sjukt fort ettersom det var ein del som skjedde, men også lange, fine samtalar med pasientane. Rart å høyre på korleis ting har endra seg på så kort tidsperiode, dei er ein veldig spesiell generasjon som har fått med seg ein så brå utvikling i samfunnet. Ho eine dama på sjukeheimen fortalte at ho var vandt med å vaske klær i elva, lappe sammen klær om dei vart øydelagte og bytta ulike matvarer. Lurer så på korleis det kjem til å bli enda femti år fram i tid! Kanskje me får flygande bilar og telefonar så store som datamaskiner? Hm kven veit. 

 

No er planen å rydde opp i leiligheten, samt ned å sjå på senteret litt. Gikk gjennom kjellarboden i går og innsåg at eg nesten er ferdig med julegåver for i år. Sjukt. Har berre igjen litt smått her og der, og litt håndarbeid. Tenkte å strikke nokon av julegåvene, nemleg fordi håndlaga er det finaste ein kan få. Så skal eg lage meg niste som eg kan ha både i dag og i morgon i praksis, før eg ruslar bort på sjukehuset. Håpar alle får ein nydelig laurdag, og nyter helga til det maksimale. 

 

6 kommentarer

6 thoughts on “Saturday morgning

  1. Åh, samtaler med eldre som har opplevd mye er så spennende det! Jeg jobbet litt på sykehjem for noen år siden, og det er noe av det mest lærerike jeg har gjort. Det å ta inn over seg noen av de perspektivene de eldre har er viktig tror jeg. Hvis ikke er det mange viktige verdier og mye kunnskap som går tapt. God helg <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *