Dette gjer meg lykkelig akkurat no

Categories Kvardag

 

1. Eg er snart ferdig med praksis. Etter sju harde veker begynnar eg endeleg å sjå målstreken – og det føles så utruleg deilig. Desse vekene har vore prega av ein sinsjuk utmattelsesfølelse, mestringsfølelsar og samtidig takknemlighet. Vekene har gjort meg såå sliten, som har resultert i eit nedsatt humør og at eg har automatisk blitt ein meir negativ og sur person. Det er verkeleg ikkje slik eg er, for eg er jo som regel utruleg positiv og sprudlande. Kryssar fingrane for at det går tilbake til normalen etter endt praksis. 

 

2. Kjøleskapet og frysen er stappfull med deilig mat! I går var eg og søstra mi, sammen med tantebarnet mitt, ein tur over grensa. Det var faktisk tilbud på karbonadedeig, så eg kjøpte meg to kilo som er nedpakka i frysen, pluss kyllingbryst. My one true love, Pepsi Max, er også fylt opp og eg føler meg endeleg heil igjen. Haha! Ikkje nok med at eg har fått fylt opp Pepsi lageret mitt, men dei hadde Pepsi Lime – noko som minnar meg om min aller fyrste kjærleikstur til Gøteborg med min kjære. 

 

3. Haustfargane. Eg veit ikkje korleis det er andre plassar i Norge (har høyrt rykter om at det nokre plassar SNØDDE??), men her i Oppland er det så utruleg fine fargar ute at det er til å døy av. Tenkte eg skulle ta meg ein tur ut i morgon for å ta nokre fine bileter. 

 

4. Familietiden i helga. Søstra mi og det eine tantebarnet mitt var her fra laurdag-søndag og eg koste med så masse. Det var veldig deilig å sjå dei igjen, ettersom eg ikkje har sett dei sida sommarferien. Trist – men sånn blir det når man er i praksis og konstant opptatt. Me var ute og åt, Ikea, Sverige og kvalitetstid noko som var veldig koselig, og noko som eg satt stor pris på.

 

5. Wine and Dine med to flotte venninner på fredag. Det er hundre år sida eg har vært sammen med desse to herlige jentene samtidig, så det skal bli kjempe kos å få drukket litt vin, snakka skit og le litt. Eg hadde ein lang samtale med mi beste venninne Astrid forrige veka, og eg har bestemt meg for å sosialisere meg meir med venner. Såå viktig, men lett å gløyme når man er i ei forelskelses-boble. 

 

7 kommentarer

7 thoughts on “Dette gjer meg lykkelig akkurat no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *