Tente lys og kveldskos

Categories Kvardag

 

You hangin in there? Ja, eg er ikkje dø heilt enda. Praksis er ferdig, men me begynte rett på eksamen. Tenkte faktisk me skulle få ein liten haustferie ettersom praksis var så heftig, men neida – rett på eksamen. Denna eksamen er ein eksamen som varar i heile åtte veker til, men det skal eg nok klare. Siste eksamen eg skal ha i laupet av bacheloren min. SJUKT! Tenk at tre år snart er passert, og eg er sjukepleiar. Nevner dette igjen, og igjen men klarar ikkje å komme over kor sinsjukt det faktisk er. Wow. Sjukepleien har faktisk vore mykje tyngre enn eg nokon gong hadde tenkt meg, og så utruleg krevjande. Eksamenar har eigentleg berre vore lette i forhold til kor krevjande praksisperiodane har vore. Forventningane frå veiledarar har vore store, samtidig som ein også har store forventningar til seg sjølv. Pendling er også noko som tar VELDIG på! Dette hugsar eg spesielt frå då eg pendla til Lillehammer (førti minutt), og var vekke tolv timar av dagen. Men jaggu har eg komt meg gjennom enn så lenge, og eg byrjar endeleg å sjå enden. 

 

Lysa vart tente, lyslenka vart satt i stickkontakten og kveldsmaten blei satt på bordet. Andre enn meg som har heilt dilla på persimon? Persimon må vera den beste frukten saman med vannmelon, nam. I går var eg faktisk på matbutikken der eg klarte å kaste vekk nærmare fem hundre på frukt og litt ekstra, say what? Synest det er så rart at frukt, grønt og generelt matvarer som er sunne skal vere SÅ dyre – mens ein kan kjøpe ei pakke ostepopp for ti kroner. Logic – where you at? Hadde eg styrt landet for ein dag hadde eg vertfall gjort ein ting; billigare sunne matvarer, dyrare usunne matvarer. Diverre er det ikkje eg som er statsministar. 

 

6 kommentarer

6 thoughts on “Tente lys og kveldskos

  1. Maten så nydelig ut, å gratulerer med endt praksis! 😀 Ja syns det er kjempe sykt at sunne matvarer skal være så utrolig dyrt. Ser bare på fisken også som ligger i matbutikken, det er faktisk ikke alle som kan spise den, spesielt ikke de som har intoleranse for melk/melkeprotein, da fisken blir foret på det! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *