Dette vil eg i november

Categories Blogg

Tenk at oktober er ferdig og at me har forflytta oss til november og eit hakk nærmare juleferie. Julafta, julepynting, julefilmer, julebaking, juletre og julebrus nærmar seg med stormskritt og eg gler meg som ein liten unge til å komme heim til Årdal å feire jul. Eg tenkte berre å fortsette med desse innlegga fordi eg sjølv synest dei er artige å lese, interessante og ikkje tar lang tid å lese. Med det sagt hoppar me berre rett inn i det;

 

🍁 Bestille flybillettar til Polen og Ungarn. Nokon andre som fekk med seg at Karpe billettene blei utsolgt på sånn fem sekund? Gjett kven som låg i draumeland ved billettslipp? Jepp, det var meg. Heldigvis har eg ei fin venninne i Polen som inviterte meg til deira konsert i Warszawa, og samtidig få ein langweekend tur. Hotellet og konsertbillettene er booka, så da gjenstår kun flybillettene. I tillegg har eg og A bestemt oss for å reise på tur til Budapest, og flybillettene må også bookes dit. Allerede fattig før eg har fått lønn, woops. 

 

🍁 Bake noko eg ikkje kan. I september og oktober bakte eg og lagde fleire ting som eg forelska meg heilt i. Baking er jo så utruleg gøy når ein fyrst får det til og ein får ein deilig mestringsfølelse. Konfekt eller noko som kan gis i julegave står høgt på bakelista og eg har sett på heimelaga Snickers konfekt. Blir det bra deler eg det sjølvsagt med dykk. 

 

🍁 Starte shoppestoppen. Ved den siste praksisperioden i medisinsk hadde eg faktisk shoppestopp – noko som var svært vellykka. Ettersom eg skal på to reiser på to månadar, noko som garantert kjem til å sluke litt peng. Derfor skal eg og Marta faktisk ha shoppestopp til me har landa i Warszawa! Shoppestopp i fem månadar, let the game begin. Visst ein av oss tapar må ein spandera middag på den andre parten på langweekenden min. Eg vil heller bruke dei pengane på eit klesplagg, så sorry Marta men eg ha ikkje planar om å tape. 

 

 

2 kommentarer

2 thoughts on “Dette vil eg i november

  1. Kjempe fine ting du har satt opp! 🙂 Burde vel hatt shoppestopp jeg også, men jeg trenger virkelig nye vintersko og noen varme klær, så får heller vente til etter jeg har handlet slike ting! 🙂 Masse lykke til med shoppestopp, jeg har trua på deg! 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *