- LAGE BUDSJETT Som tidligare skrivet på bloggen er eg ein racer til å bruke opp pengane før eg eigentleg har sett kor masse eg har fått i lønn. No er det stopp på det. Shoppestoppen går ganske bra, sjølv om eg var alt for nær å klikke heim ei nellypakke for 1500 i går. Derimot skal eg kjøpe ei kameralinse (forhåpentligvis brukt), sida Marta fekk kjøpe seg nye støvletter. Det pengane mine går til er utruleg mange småbeløp! Ein iskaffe i kantina, pepsi max på jobb, sjokolade på laurdag blir fort over hundre kroner. Denne veka blir eg jo vekke så og sei halve veka derav blir jo sikkert også matbudsjettet mindre. EIN tur på butikken skal bli.
- OSLOTUR På torsdag reiser eg til Oslo for å besøke familie, og forhåpentligvis venner. Hakeem veks jo for kvar einaste dag som går, og eg kjenner eg savner både han og jentene mine. I tillegg er det alltid koselig å vere med søstern – ettersom me klikkar så godt sammen. Torsdag til søndag befinner eg meg i Oslo, og skal prøve å få blogga litt derifra.
- BLI FERDIG MED OPPGAVE 2/4 Eksamen nærmar seg slutt med stormskritt, og eg gleder meg til eg kan krysse den av som ferdig. To av fire oppgåver er nogenlunde ferdig og i midten av desember skal alt leverast inn som ei mappeoppgåve. Det som er kjipt er at vi skriv tre store oppgåver, mens det kun er ein av dei som blir valgt ut – waste of time? Yes.
- GI KLESSKAPET DETOX At the moment er klesskapet mitt eit einaste kaos. Det er klær over alt, lite sortert og alt for rotete. Eg rydda det jo for ikkje så alt for lenge sida, og fekk solgt unna tre bæreposer med klær. Kven veit? Kanskje det blir litt klær til salgs denne gongen også?
- STRIKKE, STRIKKE, STRIKKE Tirilgensaren står på agendaen, og eg har allereie fått strikka litt – men manglar jo sjølvsagt armar og den øverste delen av genseren. Derimot må eg bli ferdig til eg og A skal til Årdal fordi mommo skal hjelpa meg litt med den øverste delen. Så derfor må eg strikke heime, på jobb og på toget.
- BESTILLE FLYBILLETTAR TIL POLEN Endeleg lønning, og eg kan endeleg bestille 1/2 flybillettar. Eg føler eg har nemnt så mykje om denne Polen turen, og kor mykje eg gleder meg. Warszawa here we come.
- TREKKE PRAKSISPLASS På torsdag skal me trekke plass til den aller siste praksisplassen og eg er livredd. Altså draumen hadde jo vore og trekt plass nummer ein og fått valgt Gjøvik legekontor, men så lenge eg får innafor desse områda så er eg nøgd. Trekker eg derimot plass nummer hundre og endar opp i Lom veit eg ikkje kva eg skal gjere. Da kjem eg til å bli heilt knust.
10 kommentarer
Hei på deg du har kjempefin blogg vil du se på diktene mine ❤️ Å hjerne følge meg på Min vei 😊 du har verdens fineste blogg eit godt innlegg ❤️ Ha ein fin dag videre😊
Fine planer:)
føler med deg på budsjett haha, ha en fin uke!
Kjempe fine planer! 🙂 Masse lykke til med trekking av praksisplass! Å god tur til Oslo! 🙂
Åh, her var det mange fine planer! Håper alt går slik du ønsker det 😀 God mandag!
Nina cecilie: Tusen takk 🙂
reisetuppa: Så viktig da 🙂
Therese Bråthen: Så hyggelig, tusen takk 🙂
Victoria Larsen: Kryssar fingrane 🙂 Fin veke til deg.
fine planer 🙂 fine bilder av deg:)