It´s beginning to look a lot like

Categories Blogg

 

CHRISTMAS 🦌🤶🎄

 

 

Fyrst og fremst må eg seie unnskyld til dei som ikkje pyntar, drikk julebrus eller et pepperkaker før fyrste desember – men eg har pynta til jul. Vel, eg var jo berre heilt nøyd! Som student er du ikkje i hybelen rundt juletider, og derfor tenkte eg at eg ville ha det opp no slik at eg vertfall har det ein månad. Gårsdagen blei tilbringt saman med eksamensgruppa, deretter litt kjærestetid. Før A kom pynta eg alt bortsett frå juletreet. Det kom opp i dag. 

 

I det eg stod og pynta tok eg fram nokre ting som betyr meir enn andre. Den kvite engelen som dikka ser under fekk eg av oldemor, som var verdas snillaste menneske. Ho vart gammal og døydde då eg kun var eit barn. Sjølv om eg har mista oldemor tenkte eg meir på dei som har ingen. Dei som tilbringer jul åleine, på gata, på sjukehus, på psykisk instutisjon – the list goes on. Som helsearbeider jobba eg jo på sjukeheim og i fjor var det tre av åtte som fekk reisa heim. Så trist! Hadde det vore eit fint tilbud i Årdal hadde eg garantert holdt nokon med selskap på dagen! All respekt til dei som gjer jula fin for andre. 

 

 

7 kommentarer

7 thoughts on “It´s beginning to look a lot like

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *