17 mai gjennom min telefon

Categories Blogg

Gratulerar med dagen til vårt kjære land, og til alle dikka som leser det her. Har dikka hatt ein fin dag? Det har vertfall eg. Sjølv om den ikkje blei slik som ein helst skulle sett føre seg (bunad, barnetog og barneleikar) har min faktisk vore så bra den kunne ha vore. Eg er så takknemlig for at eg bur i eit så flott og ressurssterkt land, sjølv med snø i mai! Eg tenkte derimot å vise dikka litt av kva vi har gjort i dag gjennom bilder eg har tatt med telefonen min..

Etter å ha inntatt ein enkel 17.mai frukost, aka speilegg og steikte pølser, satt eg meg ned for å piffe meg opp. Dersom eg ønsker å pynte meg litt ekstra brukar eg Huda Beauty sitt augenskyggepalette – det er så fint! Derimot skal det seiast at eg ikkje føler meg vel med masse sminke lengre, og føler ingenting legg seg fint. Kanskje eg må få til innkjøp av ein primer?

 

Sjølv om det er nasjonaldagen og ein hovedsakelig kan eta så masse is ein vil blei det berre ein i dag. Me skulle egentlig gå ned til Sæter for å kjøpe soft-is, men grunna mi knekte tå vart det ein kortare tur. Når me kom på narvesen viste det seg at dei ikkje hadde soft-is! Altså, kven er det som ikkje har soft-is på 17.mai? Is blei det uansett, men aller helst skulle eg hatt ein soft-is med sjokoladestrøssel. Samme med jentene.

Etter å ha kjøpt is begynte det faktisk å yre litt, så me satt oss inne og spilte bean boozle. Eg har spelt dette spillet ein gang før og eg skjønnar ikkje kvifor eg valgte å gjere det igjen. Spillet er genialt og morsomt, samtidig som det er sjukt nasty. Kvar jellybean har to smakar, enten ein god smak som pære – eller ein ekkel som snørr. Du snurrer hjulet og smakar på den jellybeanen du får. Spillet falt ivertfall i smak hos jentene og me hadde det veldig gøy med det. I tillegg spilte me kahoot der eg hadde laga ein quiz på forhånd, og me laga ein sammen.

Men altså sjå på det her! Så masse digg. Tenk at søstra mi stelte i stand det her sjølv om ho fastar sammen med mannen, er ikkje me heldige? Me koste oss med masse god mat, kaker og is sammen med desse to snuppene.

Begge mine hjerter i blått.

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *