2 månaders oppdatering

Categories Jasmine

Vår elskede skatt som allerede har blitt to månadar. Can someone stop the time? 

Eg tenkte å køyre på med ein spalte der eg oppdaterer for kvar månad som går om Jasmine, kva som er nytt og korleis ho har vært. Me har allerede hatt prinsessa vår i to månadar og tiden har gått så ufattelig fort. Sjølv om eg føler ho er den samme lille babyen som låg på brystet mitt for to månadar sida, så har ho utvikla seg så utruleg mykje. Ved fem-seks vekers alder begynte Jasmine å smile sånn skikkelig, ho er derimot ei lita primadonna – og det kreves mykje for å lure fram smilet. Ho smiler aller mest til mammaen og pappaen sin, og veldig sjeldent til mennesker ho ikkje har sett før. Da må du være babywhisperer. Lyse stemmer, sang og pludring er noko av det morsomste ho veit, og gladest er ho når ho får ligge å sprelle på stellematte. Blikket kan, i tillegg til å feste seg, følge oss visst me bevegar oss – og det verkar absolutt ut som ho kjenner oss att. Når pappa kjem heim er ho super happy, snakkar og smiler.

Babygym, leiker, sang og musikk er også blitt veldig gøy. Jasmine kan ligga lenge på magen med hovudet og brystet løfta, og elskar å sjå rundt seg. Me merkar allerede at det ei ei nysgjerrig jente me får i hus. I tillegg merkar me at personligheta hennar kjem meir og meir fram for kvar dag. Ho er sta, bestemt, snill og veldig glad i rutiner. Me har enda ikkje fått nokon rutiner på mating, men det går sjelden meir enn to timar mellom kvar gong ho får pupp. Aller helst vil ho sova der ho sovna etter amming, og våkner veldig lett i det me legg ho ned. På natta er ho verdens flinkaste baby og er som regel oppe ein gang for mat. I 6-vekersalderen begynte me å innføre lette rutiner som å ta på pysj klokka sju og begynne med legging. For at ho skal sovne må ho ha på white-noise fra YouTube, så me vurderar å kjøpe drømmesauen Ewan. I motsetning til andre småbarn har ikkje Jasmine den lange duppen på formiddagen enda, men heller fleire små dupper på 20-30 minutt. Alt er greit så lenge ho fortsetter å sove fra 20-06.30 (med ein oppvåkning).

Me har også gått gjennom hennar første utviklingstrinn som me merka var på besøk i ei veka. Ho var ekstra grinete på kveldene, ingenting var godt nok og ho sov mindre. I tillegg ville ho helst ligge med puppen i munnen døgnet rundt (noko ho også gjorde når me var heime). Eine kvelden var me på besøk hos søstra mi og ho begynte å skrike ein utrøstelig gråt, og eg fekk så vondt i mammahjertet. Det er derimot ferdig no, noko me er veldig glad for. Endeleg er ho den Jasmine me kjenner 🖤

3 kommentarer

3 thoughts on “2 månaders oppdatering

  1. Vil du virkelig utbrodere så mye om barnet ditt? Det er ikke sikkert hun setter pris på det da hun blir eldre.

    1. Ja, eg har tatt det valget at eg har lyst til det. Det er heller ikkje alt eg legg fram på bloggen – men kun det eg meina passar seg. Eg er ei superstolt mamma, og finner ikkje noko negativt med å poste det eg gjer 🙂 Eg fant spalten hos Kenza, og synest det var superinteressant å lese.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *