Om ein dag er det april, men skulle heller trudd det var nærmare mai. Så fantastisk det var å dra fra ola jakka og ta den på. Skal ærleg innrømma at det var litt kaldt i dag tideleg, men no går det supert! Dagen har i grunn vore ganske normal, med skule og etterfulgt av leg day. Å setta føtne sine innpå treningssenteret etter ei veka med pause var kjempe deilig, og kjenner eg er ekstra klar for ei ny treningsveka. Vart overraska då eg såg på vekta i dag, og såg at eg ikkje hadde gått opp noko utan ei einaste treningsøkt forrige veka, og eit alt for dårleg kosthold. Wow, var kjempedeilig. Men heldigvis blir det ikkje slik resten av året, for jaggu har eg savna å trena.

Hei og hallo! 

I dag har eg verkeleg hatt ein bra dag. Starta med å fiksa litt på designet, som vart rosa og akkurat slik som eg vil ha det. Så spelte eg inn ein video som kjem ut på mandag, der eg viser kva eg kjøpte i Sogndal i går. Vidre reiste eg å tente litt peng på dømming og avslutta dagen med eit besøk av søstern (Gry). Fine Tamara, Aisha og Catrine har reist tilbake til hovudstaden og det blir vel ei stund til eg ser dei no. Kvelden blir nok tilbringt framfor tvskjermen med mamma og Karl Johan, stappmett på taco og godteri i skåli. Ha ein super duper kveld alle sammen ♥

Låg på trampolina og sola (!!!!!!) meg i shorts (!!!)! Double WHAAAAAT!

 

Hoho, skreiv fortsatt 2013 i overskrifta! Synest det er så rart at me er i 2014 og ikkje 2012, wow. Dagen har virkelig vore fantastisk i dag, og har fått gjort kjempemasse. Starta dagen med å gå på skulen etter to dagar i senga. Bihulene mine er virkelig painpainpain og det dunkar i heile panna, noko det har gjort i heile dag. Alikavel fekk eg gjennomført skuledagen, inkludert at me hadde “babyshower” for eine læraren som skal ut i mammaperm. Ei i klassen bakte muffins, alle ga inn peng så me kunne kjøpa noko fint til ho. Herre min så glad ho vart, og det er virkelig gøy å gleda andre når du får så fine tilbakemeldingar. Dagen vidare gjekk til Sogndal på shopping der eg fekk handla ein del, og innkjøpsvideo kjem på mandag. Catrine (storesøss) lagde tacokaka til kveldsmat, NAM ♥

Hallo og god kveld kjære lesarar ♥

I dag har eg og vore heime sia eg har fått influensa, men har gjort noko ut av dagen. Har (forhåpentlegvis) henta inn kva eg har gått glipp av på skulen, spelt inn video og feirt bursdagen til fine Tamara. Eitt heilt år sidan me feirte den forrige gang, så fann fram desse bilda frå den tid: 

Mamma er verkeleg alltid kreativ og flink med å laga kaker. Ho fekk jo kjempemasse fint i dag, og ho koste seg virkelig. Våkna forresten opp til ei søt jenta som sa til si sjuke tante “jeg skal passe på deg tante. Er du syk? Vil kose” Åhh for ei nydelig lita snuppe. I måro er det Sogndal tur som eg gledar meg til, og skal prøve å ta litt bilder som eg kan dele her på bloggen. Håpar alle har hatt ein superfin dag, og til slutt nokon bilder fra i dag: 


NAM!

 

SUSANNE’MOEN’ØY

Hola blogglesarar, og beklagar gårsdagens fråvær. Influensa har kommet i hus, eller rettare sagt på rommet mitt og til meg. Vonde ledd, hoste, feber, slapphet og hodepine er kva eg har gjennomgått det siste døgnet. Det starta vel å blussa opp i går og eg gjekk på skulen, sjølv om eg ikkje burde. Ikkje nok med berre skulen, men trur du ikkje “sporty” Susanne også skulle ha legday? Så snart som eg prøvde å utføre ein squat kjente eg at det ikkje var håp. Så trening denna veka trur eg dessverre det ikkje blir. Pokker og. 

Forhåpentel vis blir eg frisk igjen til fredag! Planen er da å reise til Sogndal med mi fine bestevennine, Alise, for å handla inn det siste til Tyrkia turen. Skal også møte Eline der, så det blir jo kjempekoseleg. I tillegg er store søss med ungane kommet hit for å feira dagen til Tamara i måro. Av og til vil ein berre gi opp denne slankinga. Blir virkelig så demotivert av at kiloane er dei same veke etter veke, og når ein ser alt det gode som ligg i skuffene og kjøleskapet tenker eg meg om to ganger kvifor eg fortsatt slankar meg. Grunnen til at eg tek opp dette er fordi mi kjære syster i går lagde risbollar, og da måtte eg verkeleg tenke meg om før eg bestemte meg for å late att kjøleskapet utan nokon fangst i hånda. 

Hei og velkommen tilbake! 🙂

Etter ei veke med veldig masse prøvar og veldig mykje å gjere er eg endeleg tilbake. Har fått ein del spørsmål om når eg skulle starta å blogga igjen, så det har i grunn vore etterspurt. Søndagar er dei mest kjedelege dagane for min del, der eg berre sit og ventar på at eg skal på trening og at eg skal eta igjen. Over til eit nytt tema som er tyrkia. Dagane flyr virkelig og det er kun tre veker til eg bloggar fra solfylte Tyrkia. Så eg tenkte kanskje å laga nokon videoar når eg kjem ned, altså litt vlogging. Synst det blir ganske deiligt å sjå tilbake på dei, og kanskje det er koseleg for dikka også ♥ Håpar alle får ein super søndag.