Åh, så fantastisk det er med helg ♥  Har sove lenge i dag, sett på Maria snuppa spela handball og gått tur med mamma. Det er faktisk ikkje mogleg å beskrive kor etterlengta denne helda har vore, og kor mykje eg kjem til å setje pris på dei helgene som kjem til å komme. Mange prøvar står og ventar, så helgene skal absolutt utnyttast til max. I kveld blir det nok berre avslapping med familien, og gjere litt meir skulearbeid. Håpar alle får ein fin lørdag.

Endelig er det helg, eller helg og helg. “Kom opp i” sammfunnsfag som eg skal ha på mandag, og må derfor lage presentasjon. Har tenkt å lage ein presentasjon om korleis og kvifor det norske samfunnet har endra seg. Så helga kjem til å bli brukt ein del til å øve til det, men skal også trene og sove LENGE. I dag var eg oppe av besta og åt suppe, alltid like koselig. Tenker ofte på kor viktig det faktisk er å ta vare på familien, ein veit aldri når noko kan skje med dei. Etter mitt korte besøk av besta venta to timar med trening før eg endelig kunne ta helg ♥

Åt taco til kvelds, noko som var kjempegodt som vanleg. Så no sitter eg og kosar meg med sjokolade og brus. Håpar alle sammen får ei superduper fin helg!!

Hei håå, endeleg var dagens trening ferdig, og maten var putta i munnen. Etter skulen vart dei ei LITI styrkeøkt. Hadde ingen lekser i dag, så derfor vart fredagens video spelt inn før eg jogga 8,5 eller 9 km. Ganske så deilig i grunn. Etter eg kom heim lagde eg meg FANTASTISKE bananpannekaker. Dei har faktisk aldri vore så fantastisk gode som det dei var i dag, nam. Planane for kvelden er å laga morgondagens lunsj, dusja, sjå paradise hotel og lesa litt. Håpar alle har hatt ein fantastisk dag ♥