Hallo alle sammen, håpar alle kosar seg heime, eller på hytta! Fortsatt storkosar eg meg, sjølv om været har vore dritt i dag..
Håpar på betre vær i måro, og at sola kjem tilbake på himmelen. Ei veke er nesten gått og eg kvir meg skikkelig til å reise heim fra min kjære. Han skjemmer meg sånn bort, og eg kjem til å savne å vakne opp til ei hånd som held rundt meg kvar morgon. Mehmet gjer verkeleg alt for at eg skal trivast og for at eg skal føle meg som ei prinsesse, noko eg absolutt gjer <3

Hallo alle sammen! Haapar alle sammen har det supert i kalde Norge, eg storkosar meg vertfall her i syden. Mehmet kom paa flyplassen og tok oss godt i mot. Temperaturen ligg rundt 20-30 grader og det er veldig deilig. Var virkelig deilig og mota min fine igjen, men dagane gaar saa fort.. 

Skal blogga  lıtt seinare med  bılder ogsaa..

Merhaba! Håpar alle har starta dagen på ein mykje betre måte enn meg. Så reiseklar som eg er så gjekk eg inn og sjekka når flyet vårt skulle gå i måro og korleis gate det var. Når eg opna OSL appen ser eg at flyet skal gå I DAG klokka 14.10!!!! Gjett ein person som ringte til sas, og så og sei satt som eit totalt nervevrak i lenestolen! Heldigvis var det berre same flyet som skulle gå i dag, som går i måro. Thank God. Kofferten er pakka, veska ventar fortsatt på pc’en som skal ladast opp, og mobil ladaren. Skal opp til Øvre no for å hente gåven eg har kjøpt til Mehmet og opp til besta ein liten tur før det blir ned att. Hatar å reise på denne tiden av året, for ein veit ikkje når det kan bli stengt på fjellet, eller når det kan pøseregna. Neste gang de høyrer frå meg er mest sansynleg på Gardemoen om eg får til internettet der! 🙂

Kva passar vel bedre enn eit innlegg med mine favorittfilmar no som det er påske og alle sammen skal sitte å sjå filmar?

Den første her er det vel ikkje berre eg som ELSKAR? Dei som kjenner meg veit at dette er min favorittfilm over allealle filmar, og sjølv om eg har sett den hundre gangar grin eg like mykje kvar gang! Titanic in my ?
Så har jo me og ein anna N Y D E L I G film som eg griner nesten lika mykje av. The notebook eller dagboken handlar om to sjeler som virkelig berre heng saman, og tilhøyrer kvarandre. Anbefalast på det sterkaste.
Siste filmen er ein litt nyare, men samtidig også kjempefin film som handlar om kjærleik, savn og alt anna ein kan forestille seg i ein grine film. The last song.

Good luck Chuck er så fantasisk morsom, og kan jo heller ikkje sei at dei som har hovudrollene er noko særleg stygge.
Shallow Hal er ein film eg såg ganske nyleg, men har høyrt mykje bra om den! Den handlar rett og slett om ein mann som ser overvektige kvinner som tynne.
American Pie har så ufatteleg mange morsomme filmar med min favoritt er the wedding. Ser den opp att og opp att og ler som eg griner.

Hadde nokon kommt å skremt meg no hadde eg seriøst fått hjerteinnfarkt. Seier det litt om kor j*vlig redd eg blir?
Fritt vilt 2 er ein norsk film og faktisk min favoritt skrekkfilm, visst du ikkje har sett den endo passar det jo fantastisk fint no som det er påskeferie!
The Ring treng eg vel heller ikkje sei noko om? Alle har vel sett den og blir vettskremt berre ein høyrer den ekle lyden ho jentar lagar, nei fyttikatta.
Mama såg eg på kino og fy flate for eit bra konsept. Var mange gangar eg spratt bak i kinostolen.

 

Wow, det føltes skikkeleg nynorskt ut, sjølv om eg så og sei hatar nynorsk. Endeleg mandag som vil seie at me kan gløyme alt som skjedde forrige veka både i kostholdsplanen og treningsplanen. Alt gikk berre rett i bås forrige veka, men takk gud for at eg ikkje hadde lagt på meg ein kilo eingong. Eg åt noko usundt så og sei kvar einaste dag, og trente vel så og sei berre tre-fire gangar. Men denne veka er alt annarleies, og planen er allereie satt opp. Gledar meg så utrulig til lørdagskveld for då reiser me avgårde til Gardemoen og Alanya. Håpar alle sammen får ei superduper fin veka! ♥

Har ikkje blogga dei siste tjuefire timane, men har mykje skjedd. Høyrest ut som eg er blitt rana eller noko sånn, men det er ikkje noko anna enn at eg hadde min første dag på jobb. Var kjempekoselig, og til dei eg har møtt no, så har eg fantastiske arbeidskollegaer. Etter fem og ein halv time på jobb reiste eg til bestissane mine der me lagde speltlompe lasagne (som var kjempegod) og koste oss med film på skjermen. Våkna for eit par timar sidan, og har ete “prinsessefrukost” med gode bagettar og mykje godt. Ellers er planane for dagen å ta nokon minutt sol, også skal eg på jobb. Etter det er det heim til pappsen og slappa av resten av kvelden. Håpar alle sammen får ein superduper fin lørdag ♥