Desse kleda har eg tilbringt dei siste dagane mine i, og to dagar more it is. Deilig å få tena litt eigne lommepeng. Denne veka er jo verkeleg noko for seg sjølv. I tillegg til to dagar med jobb har eg engelsk og naturfagprøve der eg skal lesa cirka 500 sider tilsammen.. WOHO! Og på torsdag får me jo veta om me kjem opp i eksamen. Får vel eigentleg berre kryssa fingrane for at me ikkje gjer det, men er vel ganske sikker på at skjebnen vil ha meg opp i mitt verste fag (naturfag). Kjem eg opp i naturfag tek eg faktisk heller livet mitt. Neida, joda, neida. Veit ikkje korleis det kjem til å bli med blogginga denne veka, men skal blogge visst eg får tid. 

Sååååå over til mi spennande nyheit. Etter mykje om og men er det endeeelig bestemt. Her i godstolen sit det ei jente som reiser til Tyrkia ein gong til i år!!! Planen var jo eigentleg ikkje å reise ned, men jaggu blir det ein tur til. Og som eg gledar meg ♥

Hallo, og good helg! Håpar alle sammen har starta dagen sin kjempefint, det har vertfall eg. Reiste på trening rett etter skulen, og kjenner at eg allereie er stiv i overkroppen. Tenkte også å gå ein liten tur, før eg reiser innom butikken og kjøper meg noko godt. Må prøva å lesa litt  på engelsken i dag, som me har “prøve” i på tirsdag. Herrejesus som lærarane peisar på med oppgaver, prøvar og alt anna no som eksamen står for tur. Håpar verkeleg ikkje me kjem opp, så det er vel berre å krysse fingrane? 

Over til overskrifta, så tenkte eg å setta i gang ein spørsmålsrunde der du kan spørra om alt som fell deg inn. Så kva lurer du på?

Søndag bestilte eg nokon favorittar som lenge har vore favorittar på nettsida. Eg har alltid hatt lyst på denna highlighteren og solpudderet. Makestyle har i tillegg postoppkrav, som gjer at me utan visa eller mastercard kan kjøpa ting der. 

Mary-Lou Manizer er ein highlighter og augenskygge i eitt. Ta litt på augelokka for å få ein kjempefin farge, eller for å framheve dei områda du vil i ansiktet. Fargen er ein kjempefin fersken farge, og eg trur denne her kjem til å bli godt brukt. For ein farge ♥ Eg er vertfall heilt forelska. Den er fra merket the Balm, og du får den her  til kun 150 kroner. 

Her ser du korleis fargen blir på huden.

Det neste produktet eg kjøpte er Chocolate Soleil bronzeren, som faktisk luftar sjokolade. Pakningen i seg sjølv ser fantastisk elegant og “rein” ut, og det gir jo eit godt førsteinntrykk. Som dikka ser så er den matt. Produktet er veldig poppulært og eg gledar meg kjempemasse til å prøva det ut. Den kostar berre 249 her

Er det berre meg som har mykje meir lyst å trena når ein har freshe kle? Uansett, så har jo eg fått min første lønning, og derfor har eg sett litt på treningskle, ettersom det trengst litt nytt i garderoben min. På zalando hadde dei supermasse fine treningskle, og eg trur jaggu eg må handla nokon av dei: 

Sjekk dei fine fargane da! Rosa langarma gensar til 499 her, ferskenfarga løpejakke til 649 her, og denna superfine singletten til 349 her

Superduper fin treningstights til 749 her, langarma gensar med hette til 899 her, og fresh sportsbh til 299 her

 

Tenkte berre å vera den toppbloggaren for eit sekund, og dela eit lite tips med dikka. Dette er noko eg fann utt nyleg, og noko eg har ete sidan den gang. Speltlomper er såå godt, og ein kan gjere veldig mykje ut av dei, som til dømes lasagne og nachos. Men i mitt tilfelle kan ein også fylla dei med kva du vil for å ha det med på skulen. Under har du Susanne special. 

Det du treng er: ♥speltlomper ♥litt mager kesam som “smør” ♥fyll (som i mitt tilfelle er kalkunservelat) ♥eventuelt salat

Det første eg gjer er rett å slett å smørre speltlompa med litt mager kesam, dette gjer at den held seg mykje betre. Og eg personleg synst at lompa ikkje blir lika tørr som det ho hadde vore utan. Ein kan sjølvsagt også ta på philidelphia eller andre kremostar. 

Så legg du på det fyllet du vil ha, som i mitt tilfelle er kalkunservelat. Det inneheld lite kaloriar, men er alikevel rikt på protein. Ein kan også ta laks, men også for eksempel egg. 

Til slutt legg eg på salat som dikka ser bestod av riccola og raud og gul paprika. 

Tadda, så har du ein superdupergod lunsj på ein-to-tre.

Da var dagen så og sei ferdig. Søskensbarnet mitt er nokre kroner rikare, og konfrimert. Herregud for ein nydelighet ho er. Skulle eigentleg holdt tale, men det er såå flautt. Men uansett så veit du at eg er glad i deg, og me har det alltid så morro i lag. Alle gangane me har gått moteshow for mor di, avtalt at me skal melda oss på norske talenter og sett sesongar av OTH. Til tider har du ikkje berre vore søskensbarnet mitt, men også ei bestevennine. Eg håpar me kan få mange fine minner i lag når me blir eldre også, og eg ønsker deg lykke til vidre i livet. 


Føler med 200 kg tyngre etter alt det gode eg åt i konfirmasjonen. Når oreokaka står på bordet er eg ikkje berre ein tur for å finne meg, men to. Heldigvis er det fult køyr på trenings og kostholdsfronten i måro, og det skal skjerpast til eg forhåpentligvis skal nedover til tyrkia til hausten. Planane for kvelden er å fjerne ansiktsmaska som eg sit klistra med i trynet, skrive trenings og kostholdsplan for veka, og snakka med kjæresten. Tok ikkje med meg speglrefleksen, men tok nokon bilder med iPhone: 

 

All of me- John Legend 

Wicked Wonderland 2014- Martin Tungevaag

Shot me down- David Guetta ft. Skylar Grey 

Addicted to you- AVICII Ft Audra Mae

//weheartit 

Younger- Seinabo Sey (Kygo Remix) 

Stolen Dance- Milky Chance 

Dare (La La La)- Shakira

Gratulera med dagen til alle som har komfirmert seg i dag. Eg for min del, skal i komfirmasjon til mitt kjære søskensbarn i måro. Var nett innom og såg lokalet, og helste på ho. Mimrar sjølv litt tilbake frå da eg var komfirmant, og kor deilig det var å ha all oppmerksomhet i kun ein dag. I dag har eg ikkje gjort noko stort i grunn. Berre slappa heilt av, vore på litt besøk og ete. Håpar uansett alle sammen får ein fortsatt fin kveld, og at alle som skal vere komfirmantar i måro gledar seg.