For første gang i livet mitt har eg prøvd parasailing og. Var kjempeskummelt, og eg som aldri har hatt høgdeskrekk begynte nesten å grina når me var på toppen. Men herrejesus så fint det var når eg endeleg fekk til å slappe av å faktisk kunne ta det med ro, og puste uten å få annfall. Neida, det var virkelig ikkje så gale. Absolutt verdt 75 lirer (gang det med tre for å få NOK). Ramadan er jo begynt her nede, og eg skjønnar virkelig ikkje korleis dei held ut. I dag låg gradestokken på rundt femti, også får dei ikkje lov til å drikka vatn før soli er gått ned. Nei det blir berre for gale, spør du meg. Det er jo rett og slett farlig.

Heldigvis har ikkje Mehmet ramadan, så eg får kyssa han så mykje eg vil, og ta på han akkurat når eg vil. Planane for kvelden er å ete ute med anne (mamma til mehmet), babba (stefar til mehmet), Irem (søstraa til mehmet) og Ibo (bror til Mehmet). Me skal køyra innover mot Mahmutlar og kose oss. Gjett om eg gledar meg. Sjølv om dei ikkje snakkar eitt ord engelsk, sett vekk fra Irem som snakkar lika mykje som ein førsteklassing. Det er virkelig godt å sjå at dei er så glad i meg, og eg gruar meg meir og meir for kvart sekund som går til å reise heim. Det har virkelig vore ei drømmeveka. 

Hei og god kveld/ettermidag alle sammen. Håpar alle har starta ferien sin lika bra som meg. Lovde å blogga her nede i Tyrkia, så her kjem mitt første innlegg. Sov lenge i dag til anne kom å vekte meg, og me åt frukost i lag. Var kjempekoselig. Klokka tolv når Mehmet kom heim fra jobb reiste me på stranda med Michelle (bildet ovanfor) og far hennar. Var første gang eg møtte ho irl, men har snakka ein del med ho på nettet men endeleg vart det virkeligheit. Og for ei herleg jenta! Vart liggande nokon timar, så vart jaggu litt farge på kroppen også, og solbrent både i trynet og på skuldrane. Men det er no fast.

Skal ete middag her heime i dag før det blir ut å ete dessert på treff, skal nemlig treffe ei vennine som forhåpentlegvis kjem seg hit. Så det blir jo veldig koselig. Gledar meg veldig til Mehmet er ferdig på jobb og eg endeleg kan få han for meg sjølv igjenn.

Wow, tenk at eg faktisk startar reisen min i dag. Sinsjukt. Innan tjuefire timar har eg allerede klemt og kyssa på kjæresten min igjenn. Gjett ei jente som gledar seg ubeskrivelig mykje, wææ. Skal bort ein liten tur til pappa og ete middag før det blir mor og far som sender sin datter på bussen. Blir jaggu rart å reise aleine, men skal bli deilig også. Er så glad for at eg har foreldrer som gir meg så mykje tillit, og som stolar så mykje på meg. Når dei gir meg så mykje tillit så skal dei få tilbake mykje tillit. 

I måro på denne tiden blir eg igjenn verdens lykkeligaste jenta! ♥

 

 

Eit smart tips når ein pakkar er å legga fram antrekk for antrekk. Som eg har gjort her. Overraskande nok så er eg ferdig med å pakke kleder i dag, noko som er ufattelig deilig! Skal vere ei veke så la fram seks antrekk, bikinar, undertør og sjølvsagt sko. Har med meg joggekleder i eit lite håp om at eg skal få jogge meg nokon turar. 

Eit anna pakketips er nemlig å rulle kleda, og å ta undertøyet nedi skoa dine. Det tek så mykje mindre plass, altså med andre ord meir plass til å kjøpe noko på. 

 

Fredag, og ei ny jobbhelg ventar på meg. Begynnar på jobb klokka halv fire i dag, men må ta bussen som går klokka fem på halv to. Suger at når du bur i ei så lita bygd så går ikkje neste bussen før om to tre timar. Typisk Årdal, eller kva? Så stenger me klokka ni i dag, så eg er nødt til å ta bussen som går ti over halv elleve. Blir sikkert ein del folk i dag, sia sommarferien er starta. Synest det er så rart at me handlar som berre det om sommaren når det er fint vær, mens om vinteren når det er kaldt og kjedeleg lagar me heller mat sjølv. 

Begynnar sikkert å pakka litt i måro før eg reiser på jobb, men det blir nok ikkje så masse. Tek bussen på mandag til Bergen som sagt, på ettermiddagen. Og eg er ein av dei personane som haatar å pakke siste dagen før eg reiser på ferie, føler det da blir ein slags haste-pakking. I går kjøpte forresten eg og mamma den nye isen fra Hennig Olsen som heiter DUGG. Det er yoghurtis der hundre ml inneheld kun 75 kaloriar. Annbefalar alle å prøve den!!

 

Endelig fann eg nokon fine sandalar til ein billig penge. Tenkte eg måtte ha meg nokon nye sandalar no som eg reiser til varmare strøk, og i tillegg så har eg jo egentlig ikkje så mange fine sandalar. Desse er i merket duffy og kosta normaltsett 349, men fekk dei for 220 kroner. Kupp. 

Uansett så er denne dagen ganske kjedelig. Har vore i Øvre å handla solkrem, og litt andre nyttige ting til avreise. Hadde plana om å få lånt the fault in our stars, men den var desverre utlånt. Derimot så fekk eg lånt ei anna bok som heiter thirteen reasons why. Skal tross alt sitta på flesland i rundt 5-6 timar så må jo ha noko å finne på. Har også lasta ned ein haug med seriar og filmar. 

Woow, sjekk den utsikten eg fekk oppleva i dag. Det var virkelig Årdal på sitt beste og sjølv om det vart både sveitte, kvalme og høg puls var det absolutt verdt det. Å gå til Ravneberg er noko av det jævligaste eg har vore med på, og det at eg ikkje hadde ete noko frukost gjorde verkeleg ikkje situasjonen mykje betre. Men uasett så kom me oss på toppen og det var jaggu deilig. Etter turen til Ravneberg reiste eg ein tur innom til Marta og me (eller eigentleg ho) lagde oss havregraut med banan. Det gjorde kjempegodt på kroppen, og magen kunne endelig sei seg fornøyd med litt bensin. 

Over til det andre stikkordet i overskrifta. Ja, eg har overtalt mams til å reise til Tyrkia. Og neste tirsdag på denne tiden sit eg nok på Treff (restauranten min kjære jobbar) og kosar meg med mat. Eg som trudde eg måtte vere heime heile sommaren, og har sippa over det kvar dag får endelig reise til Tyrkia. Herre min så deilig det skal bli å få ta på, kjenne og lufte på kjæresten min. Høyres eg ut som ein freak no eller? Haha, men ja dikka skjønnar poenget. Skal også prøve å få blogge litt mens eg er der i og med at eg skal bu av han, og han har overraskande bra internett. 

Wow, så deilig det er med sommar! Kan vel eigentleg ikkje seie at eg har heeeilt sommarferie endo, for me veit jo ikkje om me kjem opp i eksamen i måro eller på onsdag. Men etter alle hinta lærarane har gitt oss, så tvilar eg på at me kjem opp. Noko som i grunn er ganske deilig. Hadde eg vore 18 no hadde eg nok tatt meg ei lita veka i Tyrkia på ferie, men ser ut som eg blir heimeverande heile sommaren, desverre. Håpte så inderlig på at mamma ville ha ei siste veka med meg i Tyrkia, ettersom eg er atten neste år og reiser aleina. Har vore inne og sett litt på flybilettar og visst eg og mamma hadde reist no, så hadde me betalt 600 kroner per pers for flybillettar tur, retur. Ganske sjukt i grunn, men men.. Får vel berre vente til oktober. 

Veit blogginga har vore skikkelig nede i botnen, men har virkelig ikkje hatt motivasjon og eg har jobba og hatt skule. Hadde jobbhelg, noko eg også har kommande helg men så er det fjorten dagar fri. Gjett om dei skal nyttast godt. Skal sove lenge kvar einaste dag, jogge og slappe av. Eg har fast bestemt meg for å ikkje ha ein av dei typiske sommarane der eg eter godis kvar dag, men heller følge ein plan som innheld kun to dagar i veka med is, godteri og brus. Skal ta meg ein tur på treningssenteret no snart, der overkroppen skal trenast. Har ikkje fått trent noko særlig i det siste heller i grunn, men skal begynne att for fult no. 

Begynnar no å få litt meir former på magen, så dette kan ein ikkje kaste vekk. 

Åh, så godt det er med sol og sommar. Kan vel eigentleg ikkje sei at dette her er sommar, ettersom det nesten ikkje har vore sol og kun rundt femten grader her i dag. Stod opp seint, og lagde meg god frukost. Begynnte også på sesong to av TVD, føler eg ikkje snakkar om noko anna, men det er jo det livet mitt består av no for tiden. Eller jo, forresten, eg har ein gladnyheit til dikka alle sammen. Gjett ein gang kven som kjøpte seg flybilletar til Tyrkia i dag? Yes, korrekt, moaaah. Ein vakker søndag i oktober set eg kursen mot Tyrkia, og ned til den finaste eg kjenner ♥