Herregud så mykje det er mogleg å få ut av ein dag. Stod opp ganske seint egentlig, men lagde meg ein god frukost. Er back on track på knekkebrød med cottage cheese og noko anna pålegg. Siste tiden har laks vore favoritten. Etter det fekk eg snakka litt med kjæresten min før eg reiste opp til mommo og fekk servert goood middag. Ho hadde laga kyllingfilet, og verdens beste salat. Og da tullar eg ikkje, var nok den beste salaten eg har smakt. Til dessert var der store og gode jordbær og eg får vatn i munnen berre eg tenker på dei. Vidre etter middag og god middag, reiste eg avgådre på trening der eg trente i to timar. Var egentlig deilig å ta att dei timane eg har gått glipp av denne helga. Så no sitter eg egentlig berre å slappar av, og ventar på at han skal bli ferdig på jobb. Håpar alle har hatt ein superfin søndag og at dikka har kosa dikka kjempe masse ♥

Hallo, håpar alle sammen hadde ei kjempefin pinseafta. Det hadde vertfall eg. Marta kom ned etter ho hadde jobba, og me bestemte oss for å laga burritos, eta masse godis og poppcorn. I det eine sekundet angrar eg på at eg et så masse, mens i det andre så tenker eg at det berre får lat gå. Etter maten var kommet på bordet satte me på dagboken, og naut verdens finaste film. Eg og Marta burde verkeleg ikkje sjå slike filmar i lag, ettersom begge endar opp som grinande småungar som ikkje får godteri. Me satt til slutt å hulka, og syntes synd på oss sjølv. Etter filmen reiste Marta, og eg såg på  TVD og snakka med min fine kjæreste, så sovna eg. 

No har eg nettop stått opp, rydda litt, laga meg frukost og tv’en står på med TVD igjenn (totalt hekta). Resten av dagen skal eg opp til mommo ein tur, og tigga meg litt middag, og etter det så skal eg ein liten tur nedom treningssenteret. Blir nok ei litt lenger treningsøkt i dag sia eg ikkje har trent på to dagar. Eller gjekk jo ein tur med høg puls på fredag, men ikkje noko styrketrening. Skal bli deilig å komma tilbake på trening.

Endelig ein ny dag, eller ein ny LØRDAG. Gud så fantastisk deilig det er med helg, og det å kunne lage seg ein skikkelig god frukost. Til no har eg klemt i meg masse godteri, potetgull, vaska, rydda og støvsugt golvet og tatt ut av oppvaskmaskina. Blir ikkje lenge før eg må hiva vekk potetgullet å heller få i meg noko nyttig mat, og reisa på trening. Har så dårleg sjølvfølelse, og kunne ønska eg klarte å kontrollera meg litt meir når det kjem til godteri, for eg berre hive det i meg, uten å tenke på kor mykje kaloriar det er i det. Etter eg har vore på trening kjem spartakus (marta) nedover, og me skal laga oss god mat, sjå ein film og berre kose oss resten av kvelden. Kjem nok eitt innlegg til i løpet av kvelden. 

Her i huset står Katy Perry sangane virkelig på kvar einaste dag. Eg og Marta gledar oss som nokon ungar til å oppleve ho i Oslo. Endelig er det fredag og langfri, eller er jo berre ein dag ekstra. Men gjett om den dagen skal nytast. På skulen i dag fekk eg veta kva eg får i standpunkt i naturfag, og det var 5! Eg vart heilt sjokka, og måtte spørra læraren fleire gonger om det var sant. Hadde verkeleg forventa ein trear eller firar. Planen var å ha legday i dag, men når eg gløymer øyreproppar til musikk reiser eg faktisk heller heim. Bokstaveleg talt så klarar eg ikkje å trene uten musikk på øyrene uansett om det er styrke eller cardio. Men me gjekk jo til kvile, og det var nok pulsen på over 165 heile turen, så får heller ta att legday’en i måro. 

Planen i dag var jo eigentleg å klemme i meg ein del pizzabetar frå bigone classic (favorittpizzaen min), men neida. Når eg kom heim fra skulen var det rett på sengi, snakka med min kjære, og eta sjokolade. Så derfor bestemte eg meg å laga ein sunnare variant av pizza. Var inne og leste på fleire bloggar og kom fram til denne som fine Rikke hadde lagt ut. Til stor overraske smakte den faktisk godt, i forhold til alt anna eg ha laga som har vore sunt. Resten av kvelden skal tilbringast framfor pc’en med frukt i fanget. Rart nok synest eg det var betre med frukt i dag, tross alt eg som er verdens største sjokoladeelskar. Har planlagt ein liten “date” med min fine kjæreste. Skal sjå filmar i lag og kose oss litt. Viktig å sette av tid til kvarandre sjølv om han bur såå langt vekke.

Er det nokon andre som sveittar som ein gris når dei er på trening? Ein av grunnane til at eg HATA å trena er at eg får sveittemerker overalt, og det er så ekkelt. Etter dagens sirkeløkt rann det vertfall, herrejesus. Men jaggu er det deilig å bli litt sveitt og, hatar sirkeltrening lika masse kvar gang, ettersom eg alltid får utfordra meg meir og meir. På eine stasjonen har me tre “jumpkassar” som me skal hoppe oppå, eg begynte på den lågaste, no hoppar eg på den midterste og fekk meg jaggu opp på den største i dag (Ved hjelp av treningsinstruktøren). Sirkel er ei økt der eg får jobba masse med forskjellige muskelgrupper samt kondisjon, derfor eg reiser tilbake på timen kvar gang, men angrar i det eg går inn døra.

Over til overskrifta. Eg har da funnet ut at eg er ein vampyr. WÆ! Haha, neida. Eg har berre fått totalt hekta på The Vampire Diaries. Heil hekta liksom. Nesten som eg kunne ha skulka skulen berre for å sjå på denne fantastiske serien. Etter to dagar har eg sett femten episodar, og meir skal det bli i helga. Skal bli så fantastisk deilig med fri denne helga, for det har skjedd så mykje denne veka. Her i Årdal er det jo Fjord til Fjell der det er masse boder og karusselar. Veit ikkje heilt om eg skal nedover, føler det blir litt vel sløsing med peng og vil heller spara til andre viktige ting. 

 

Ja, endeleg fekk eg fingeren ut, og har klart å laga innlegget eg har mast om i heile livet mitt. Det var jo ein del som lurte på korleis ein lagde desse, so here you go; 

1. Du går inn på www.picmonkey.com og trykker på edit, og velger det bildet du vil redigere. 

2. For å få det “kvite” laget over bildet så trykker eg på sommarfugelen, som er mange klistermerker du kan legge over bildet. Vidre trykker eg der det står geometric og legg in rektangelet. Eg dreg det ut i sidene og får det til å bli så stort som eg vil, og skiftar farge til kvit. 

3. Her har eg dratt det ut og skifta farge. For å få det til å bli gjennomsiktig dreg eg “fade-knappen” utover og stoppar der eg synest det blir nok gjennomsiktig. 

4. For å få fram teksten eg vil bruke, trykker eg på Tt og velger den eg synest er finast. Eg brukar amatic small caps her og skriv inn treningsplan og vekedagane. Først trykker du på add text også kan du flytte på den, gjere den større og skifte farge. 

5. Vidre brukar eg learning (?) curve til å skrive kva eg skal trene og flyttar det slik at det ligg under vekedagane. 

6. Til slutt legg eg berre på ein blomster som litt på daises. 

Håpar dikka forstod kva eg meinte og at du får til å lage planen akkurat slik som du vil. 

Halloo alle fine! Gjett ein gang kven som igjenn lovde dikka bra blogging, men som ikkje klarte å holde det. MEG. I’M GUILTY! Men no folkens, noo skal det bli andre bollar. Eller i vertfall denne veka. Har ikkje så mykje som skal skje no, så da blir det bra blogging. Hadde eigentleg planar om å blogge i går, men så drog eg meg på trening før eg reiste på jobb. Begynnar å bli litt nervøs for korleis eg skal klare presset i sommarferien, ettersom eg hatar stress, og føler eg ikkje har noko kontroll. Men men. Det går nok fint, og skal eg vere ærleg gledar eg meg jaggu litt også. I staden for å ligge på latsida heile sommaren så blir det jobbing, og fokus på trening. Smarte Susanne som alltid legger planar som ho ikkje klarar å fylle. Håpar alle sammen får ein superduper fin tirsdag, så kjem det ein DIY i løpet av kvelden som har vore veldig etterspurt. 

Topp og solbriller fra H&M, shorts fra Gina og klokke fra “Michael Kors”