For ein fin dag på stranda. Været har våre strålande sia eg stod opp, men det er nok begynt å skya over no. Eg, Marta, Eline og Alise reiste i ti tiden til Seimsdalen for å tilbringa fleirfoldige timar på stranda der nede. Me erobra brygga med ein gang, og hoppa uti vatnet. Fint vær, fine mennesker, kan dagen bli betre? No ligg eg i senga og slappar av før eg reiser ein liten tur i Hestehagen. Satsar på at det ikkje begynnar å regna, men ein får vel berre håpe på det beste. 

Har hatt fri heile veka og skal tilbake på kiosken i heile helga. Mamma reiser på NC på lørdag som eg gruar meg litt til, er jo detta styret om terroren, så ein blir jo sjølvsagt litt ekstra redd når dei ein er glad i både bur, og reiser til hovudstaden. Håpar alt går fint. Slenger med litt fleire bilder av den fine dagen vår

DEEEEEEEER var eg endelig tilbake. Vekene bles i grunn berre vekk når ein er på jobb, men sjølvsagt er det ikkje ein god nok unnskyldning for den ufattelege dårlege blogginga mi. Har også hatt såå masse å blogga om, faktisk. Gårsdagen må vere den beste dagen eg har hatt i livet mitt sia eg kom heim fra Tyrkia. Tidelig på dagen reise eg, Eline og Alise ut i Seimsdalen for å bade og kose oss. Fyyy så deilig det var med kaldt og godt vatn. Etter det fulgte dagen på med ein travel jobbdag, der det var masse folk innom og mykje å gjere. Etter det så reiste eg til Marta der me skulle sjå film og ete fruktsalat. Men neida, der stod Eline og Alise med Marta som hadde laga overraskelsesfest for meg. Sia eg ikkje hadde feirt dagen med dei, skikkelig søtt og eg begynte faktisk å grina, ikkje at det var noko unormalt. 

I dag tideleg reiste eg til Sogndal der me skulle verme Eline som skulle klyppa seg, og gjere nokon andre ærend. Men fekk no sett litt me og, sjølv om Alise vart ganske lei når me nærma oss slutten. Haha stakkar. Hunden som gjekk i band etter oss. Neida, men koselig var det vertfall. Føle meg som Alise sa på stranda, eg har denne veka vore lika sosial som eg har vore i heile somarferien. Og i måro tideleg klokka seks reiser eg om mami til Bergen og me skal ha ein skikkelig koselig jentetur, og sjølvsagt skal eg ta med meg kamera no, sia eg satsar på å komme på førsteplass på blogg.no 😉

Gratulera med dagen til meg!! Haha, endelig har eg bursdag og eg er fylt sytten år. Jobba føremiddag, noko som eg også skal i måro. Har feira dagen min med dei personane som betyr mest for meg (-mehmet). Så fekk eg jo mange fine gaver så her er kva eg fekk, pluss peng: 

 

Hei peeps! Endeleg helg eller kva seier dikka? Og jaggu er det ein dag mindre til bursdagen min. Heile veka har gått så fantastisk bra at eg verkeleg er stolt over meg sjølv. Har fullført dei trenignsøktene eg har satt opp, og har fulgt ein ganske bra “diett”. Ingenting usunt før i dag. Har planar om å minske cheatday til kun ein dag i veka, men no ei stund framover blir det vel to. Men skal nok få til å berre ha ein cheatday i veka også, ein eller anna gang.

I dag hadde eg fri, og det var no ganske deilig det også. Sov til klokka var tolv, lagde meg pannekaker til frukost, med sunt sjokoladepålegg. Eller sunt og sunt, får vel heller skriva “sunnare”. Etter det såg eg at det stod overkropp på treningsplanen, men sia eg ikkje kom meg til øvre så tenkte eg heller det at eg skulle ta att den turen med Marta, uten Marta. Så eg bestemte meg for å gå på Lauvnes i varme tretti grader. Gjett om det var deilig å komma ned att til elvi der eg kunne finna med reint og iskaldt vatn. Eller det lagde eg meg noko godt som dikka skal få sjå i måro, og salat som snart skal ned i magen, men aller først må eg vaska av meg sololjen og sveitten. Håpar alle har fått ein super start på helga ♥

Ny dag, nye moglegheitar. Elskar absolutt å starta dagen med havregraut. Metttar lenge og er overaskande godt visst du toppar det med noko godt. Annbefalar ikkje å ete så masse i og med at havregryn er veldig kaloririkt, og fult i karbohydratar. Føler meg ganske flink som har klart å utføra begge dei planlagte treningsøktene mine heilt til no. Dagane går opp att i det same. Våknar, skypar med min andre halvdel, trenar, går på jobb og kjem heim. Skal eg vere ærleg veit eg ikkje om eg kan gå den turen i dag. Begynnar på jobb klokka halv fire, og klokka er jo allereie ti over tolv. Får heller ta den att den dagen eg har treningsfri. Heilt ærleg synest eg veka går dritfort, det er allereie liksom onsdag. Har att to dagar før det er ein dag fri på jobb. Skal også jobbe ettermiddag lørdag. Så har eg føremiddag i måro. Uansett så håpar eg alle får ein fin dag ♥