Ingenting er vel betre enn lørdagar? Sova så lenge som ein berre kan, ha god tid til å gjere kva enn ein vil og nyte heile dagen. Dåvendyret Susanne våkna til live klokka eitt i dag, og snakka med han som bur i Tyrkia. I tillegg så har eg spelt inn ein liten sminkevideo til dikka som eg håpar på å få ut i løpet av morgondagen. Driv og forhåndslasta den opp no, meneg veit ikkje om det er internettet eller kva. Etter eit kvarter er den kun på åtte prosent. Og på skulen går den opp i løpet av eit kvarter. Hmm. 

Reiste også bort til pappa som eg ikkje har vore av på mange dagar, eller veker for den del. Lagde meg noko skikkelig godt i kveld som vart fruktsalat, med smelta sjokolade ved sida av. I tillegg til ei lita skål med litt gummigodis og litt chips. Å ja, denna jenta kan verkeleg å kosa seg. Kanskje derfor eg ikkje går ned i vekt *flauseemoji*. I måro skal jobbtskjorta på igjenn, men skal kun vere ekstrahjelp (14-18) så da må dikka komma å kjøpa milkshake av meg alle sammen. Haha, lova den er verdensbeste, om dikka ikkje har smakt den fra før da. Håpar absolutt alle får ein fortsatt kjempe fin laurdagskveld ♥

Hallo alle fantastiske lesarar. Sjå kor nydeleg det var på tusenmeteren. Skikkelig, skikkelig fin utsikt. Såg over alle plassane eg har synast det har vore skikkelig tungt å gå, som Ravneberg for å nemne eit eksempel. Såg ned på det som om det var ein liten maur i forhold til tusenmeteren. Flott var det vertfall, og ganske godt å få slått ihjel tolv km. Greitt nok at eg ikkje vart kjempesleten, men litt puls hadde eg no opp bakkane, og tolv kilometer til fots er vertfal betre enn tolv kilometer i sofaen. Eg og mamma køyrde opp til firehundre meteren, og gjek derfra i ein time og tjue minutt. Og på toppen åt me ei lita pæra for å få i oss litt sukker. 

Skulen går veldig greitt for tiden, sjølv om eg teller ned dagane til ferie og Tyrkia tur. Planane for helga er ganske små i grunn, skal trene og kose meg med masse godt. Skal også på jobb på søndag, så det blir braa. Synest faktisk denne veka har gått så ekstremt fort, men samtidig så ekstremt seint. Når det var tirsdag sat eg å venta på at det skulle bli fredag, mens no synest eg ho rett og slett har gått driit fort. Uansett så håpar eg alle sammen fortsatt får ein super duper torsdagskveld 🙂

Heihei, og velkommen til ein ny dag her på bloggen. Smilande og blid, as always. Kastar meg berre innom for å oppdatere dikka litt før eg set i gang med kva eg skal i dag. Hoho gledar meg faktisk kjempemasse. Skal gå ein liten tur no, som eg ikkje er heilt sikker på kvar går henn, men trur nok det blir Lauvnes ein liten tur. Må berre kasta på meg ein shorts for tights blir nok for varmt, altså her snakkar me kolsvart tights i steikande solskinn. Ehm, nei takk. Og sjølvsagt når ein skal gå med shorts så må ein få barbera kaktusleggane, heldige oss, eller kva jenter? 

Ventar berre på mobilen min som skal få nok batteri til at eg faktisk kan gå tur med den, uten at den dett ut. Nokon andre som opplever at iTube berre sluuuker batteri ut av telefonen? Vel eg gjer vertfall det. Men når eg brukar spotify derimot, da kan eg gå fleire timar utan at ti prosent er brukt. Nei, veit du kva? Trur jaggu eg kjøper ein månad med spotify også eg no når eg skal ned på butikken. Anyhow så håpar eg alle får ein super duper fin tirsdag, og eg oppfordrar alle som har finværet til å ta seg ein tur ut, anten det er jogging, springing, gange uansett kva, nyt det. Balsam for sjela ♥

Åh, første skuledag er finito. Hatar egentleg første skuledagar fordi dei rett og slett er så wasted. Introduksjon av nye lærarar, mykje prat fra rektor og mange ark som skal fyllast ut. Når eg kom heim så åt eg middag og begynte på innkjøpsvideoen fra Oslo (som ikkje er skule relatert). Og den er no uredigert 45 minutt, sjukt! Ja ja, får vertfall arbeid med å redigera den. Tenkte eg kunne begynna som smått, men blir nok ikkje sittande så veldig lenge. Skal ein tur med Marta, og me skal gå til Blåbærgruvene. Har aldri gått der før, men satsar på at det går bra. 

Her er vertfall kva eg hadde på med i dag. Jeans fra Only, singlett fra Cubus, cardigan fra Only og klokka fra Tyrkia

Heihei, og der var nesten ein ny dag ferdig! Atm ligg eg godt nedtrøkt i hotellsenga. Som berre for å nevna er verdens beste seng. Gleda meg virkelig til å sova her i natt. Sjekka inn i to tiden før eg gjekk ned og henta Marta. Etter det har dagen gått i eitt med shopping og mateting. Hotellrommet er i grunn ganske lite, men greitt nok for to jenter som oss (sjølv om me helst ville hatt toppsuitta på grand hotell). Morgondagen står for tur og eg gleda meg masse allerede. Var kjempekoselig å bruka ein dag til med min kjære Marta. Hadde også superfine dagar med verdens beste søster. Tusen takk for at eg fekk vera med deg storesøss, kjempemasse glad i deg!

Håpar alle får ein fin torsdag i måro, det skal iallefall eg ha 🙂

Heihei, og der var nesten ein ny dag ferdig! Atm ligg eg godt nedtrøkt i hotellsenga. Som berre for å nevna er verdens beste seng. Gleda meg virkelig til å sova her i natt. Sjekka inn i to tiden før eg gjekk ned og henta Marta. Etter det har dagen gått i eitt med shopping og mateting. Hotellrommet er i grunn ganske lite, men greitt nok for to jenter som oss (sjølv om me helst ville hatt toppsuitta på grand hotell). Morgondagen står for tur og eg gleda meg masse allerede. Var kjempekoselig å bruka ein dag til med min kjære Marta. Hadde også superfine dagar med verdens beste søster. Tusen takk for at eg fekk vera med deg storesøss, kjempemasse glad i deg!

Håpar alle får ein fin torsdag i måro, det skal iallefall eg ha 🙂